Kommuneprogram 2019-2023

Ideologi og visjonar

Kristeleg Folkeparti byggjer verdigrunnlaget sitt på dei kristne verdiane henta frå Bibelen, og set menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar i sentrum for politikken sin. Me trur at det beste samfunnet er det som vert bygd nedanifrå, i samspel mellom det enkelte mennesket, offentlege styresmakter og privat og frivillig verksemd.

Me arbeider for eit varmare samfunn gjennom valfridom for familiar, god alderdom, rusførebygging, jordvern, miljø og kamp mot fattigdom. For å få til dette treng vi landbruk og anna næringsliv med gode ramevilkår. 

Samfunn og miljø

Lokalsamfunnet treng aktive innbyggjarar som vert sett og høyrt. Alle skal kjenna seg trygge og velkomne i kommunen, uavhengig av etnisitet og tru.

Me vil

  • Auka medverknad frå innbyggjarane i kommunalt planarbeid
  • Leggja til rette for aktive sentrum i alle stasjonsbyane i tråd med nye sentrumsplanar
  • Ta vare på kulturlandskapet saman med landbruket
  • Leggja til rette for ladestasjonar for el-bil og el-sykkel
  • Vidareføra arbeidet for eit sambrukshus med helse- og kulturfunksjonar i Nærbø sentrum
  • At Hå kommune skal ha eit godt samarbeid med dei andre jærkommunane.
  • Leggja til rette for turløyper og lysløyper i kommunen
  • Arbeida for utbygging av fiber i heile kommunen

Barn og familie

Familien er den viktigaste sosiale eininga i samfunnet. Familien sjølv er best eigna til å avgjera korleis dei vil organisere kvardagen sin, og må ha valfridom til dette. Fritidsaktivitetar er viktige for ein god oppvekst.

Me vil

  • Sjå på kva som er best for barna i alle saker
  • Gje barn og unge tilgjengelege og likeverdige tilbod uansett kor dei bur i kommunen.
  • Vidareføra kommunal kontantstøtte til 2-åringar
  • Gje støtte og rettleiing til unge foreldre
  • Styrkja samarbeidet mellom kommunale etatar slik at omsorgsordninger vert betre tilpassa til det einskilde barnet
  • At barn skal vernast mot overgrep og vald, og at kommunen med sine instansar skal bidra til å tryggja barna
  • Ha brei og ulik fagleg kompetanse i barnevernet
  • Etablera meir tenlege lokale for m.a. familiesenteret
  • Støtte arbeidet til «Se-meg» stasjonen

Barnehage

Det skal vera gode barnehagar med trygge vaksne i heile kommunen. Barnehagane skal vera prega av leik, læring, utvikling og trivsel. 

Me vil

  • At barnehagane skal vera forankra i kristen kulturarv og verdiar
  • Fortsetja arbeidet med kompetanseheving for tilsette
  • Forbetra uteområda i barnehagar som har behov for det
  • Ha fleksible tidsordningar og meir fleksibelt opptak i barnehagane
  • Gje tidleg støtte til barn som treng hjelp eller tilrettelegging
  • At barehagane skal arbeida aktivt mot mobbing
  • Støtta opne barnehagar
  • Arbeida for auka bemanning frå liten til stor avdeling
  • Byggja ny barnehage på Brusand

Skule

Skulen skal vera ein god stad for læring, utvikling, leik og trivsel. Alle elevar skal oppleva utfordring og meistring kvar skuledag. 

Me vil

  • Ha ein skule med kristen verdiforankring og tillit frå foreldre
  • Sjå den enkelte eleven heilt frå starten, og tilpassa undervisninga, også til dei som treng auka utfordringar
  • Arbeida aktivt mot mobbing og for eit godt skulemiljø
  • Ha minst mogeleg byråkrati og mest mogeleg pedagogisk arbeid for dei tilsette
  • Vidareføre kurset «Saman om god oppvekst» for foreldre med barn i barnehage og skule.
  • Auka samarbeidet mellom skule og næringsliv for allsidig læring
  • Raskt få bestemt eit tidspunkt for bygging av ny skule i Stokkalandsmarka   

Ungdom

Ungdom skal kunna vera aktive og trygge, med ansvar for eigne liv og tru på framtida.

Me vil

  • Leggja til rette for lærlingar
  • Fortsetja å støtta fritidstilbod i regi av lag og organisasjonar
  • Ha kommunale fritidsklubbar der det er behov
  • Leggja til rette for eit godt samarbeid mellom politiet, kommunale tenester og frivillige organisasjonar for å førebyggja rus og uønska atferd
  • Styrkja skulehelsetenesta 

Seniorar

Seniorar er ein viktig ressurs både i lønna arbeid og i frivillig innsats gjennom lag og organisasjonar.

Me vil:

  • Ha ein personalpolitikk i kommunen som legg til rette for å stå lenge i arbeid
  • Leggja til rette for auka frivillig innsats, ikkje minst i helsesektoren
  • Vidareføre støtte til lag og organisasjonar
  • Leggja til rette for aktiv fritid og vidare leige av idrettshallar på dagtid

Arbeid og deltaking i frivillig verksemd er sentralt for å motverka utanforskap.

Me vil

  • At kommunen går føre som inkluderande arbeidsplass, for innvandrarar, ungdommar og personar med helseutfordringar
  • Halda fram arbeidet for å få ungdommar og andre som står utanfor inn i arbeid
  • Halda fram med prosjektet «alle med i Hå»
  • Støtta arbeid som har integrering som mål

Livssyn, kultur og idrett

Hå har eit sterkt organisasjons- og foreiningsliv innan kristent arbeid, kultur og idrett. Kommunen må halda fram og støtta frivillig arbeid økonomisk.

Me vil:

  • Styrkja den kristne kulturarven ved å gje gode ramevilkår til Den norske kyrkja, bedehusa og andre trussamfunn
  • Gje dei ulike  kulturbygga i kommunen gode ramevilkår.
  • Styrkja tilbodet i kulturskulen
  • Vidareføra støtte til idrettslag og andre foreningar
  • Auka støtta til barn som treng det for å vera med i fritidsaktivitetar
  • Leggja betre til rette for barn med særskilte behov
  • Rusta opp aktivitetsparkar/leikeplassar 

Rus og kriminalitetsførebygging

Førebygging, særleg retta mot barn og unge, er det beste verktøyet for å nedkjempe rus og kriminalitet. Samarbeid mellom politi, kommune, lag og organisasjonar i lokalsamfunnet er ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet. 

Me vil:

  • Arbeida for ei verdig rusomsorg som sikrar rehabilitering og ettervern ved hjelp av både offentleg tilbod og ideelle organisasjonar
  • Ha restriktive reglar for sal og skjenking av alkohol
  • Stimulera til rusfrie ungdomsarrangement
  • At arrangement i kommunal regi skal være alkoholfrie

Helse og omsorg

Kjerneverdiar i helsetenesta skal vera kvalitet, tryggleik, tilgjengelighet og omsorg. Arbeid med folkehelse for å fremja helse og trivsel og for å redusera risiko for skade og sjukdom gir store sosiale og samfunnsøkonomiske gevinstar.

Me vil

  • Gje tenester tilpassa det den enkelte treng
  • Ha tenester som gjev meistring, meining og moglegheiter uansett alder og funksjonsnivå
  • Ha gode aktivitetstilbod for eldre i alle delar av kommunen
  • Bruka velferdsteknologi som kan gjera det trygt for eldre å bu heime
  • Leggja til rette for bruk av frivillige i helse- og omsorgsarbeidet
  • Fokusera på førebyggjande arbeid gjennom frisklivsentralen
  • Gje lettare tilgang til helsesyster i skular og helsesenter
  • Auka bruk av fulle stillingar i helsevesenet 

Næring og Landbruk

Hå kommune skal vera ein fleksibel og løysingsorientert samarbeidspartnar for næringslivet. Me vil arbeida for eit aktivt landbruk i kommunen.

Me vil:

  • At det skal kunna utviklast næring i alle delar av kommunen.
  • Leggja til rette for at Kviamarka kan vidareutviklast som eit regionalt næringsområde for næringsmiddelindustri
  • Kjempa for jordvern og bevara dei langsiktige grensene mot utbygging
  • At det alltid skal vera ledig næringsareal i kommunen
  • At kommunen skal vera ein konstruktiv medspelar for aktive bønder
  • Leggja til rette for reiseliv og turisme i kommunen
  • At kommunen skal støtte innovasjon og nyskaping

Samferdsel

Det må vera lett å reisa mellom dei 6 stasjonsbyane i kommunen og vidare utover kommunegrensa. Barn må kunna ferdast trygt.

Me vil:

  • Halda presset oppe for å få bygd dobbeltspora jernbane over Jæren
  • Vidareføra Ringvegen nord for Nærbø, i fyrste omgang til Torlandsvegen
  • Vidareføra Ringvegen på Vigrestad austanfor Austmarka og sør for storskulen
  • Arbeida for at fylket får lagt Buevegen utanfor Varhaug sentrum
  • Arbeida for vidareføring av vegen frå Stokkalandsmarka til Kverme/Brusand
  • Arbeida for busstilbod for Stokkalandsmarka
  • Få til gang- og sykkelsti frå Vigrestad mot Aniksdal
  • Få til gang- og sykkelsti langs byggefeltet på Motland
  • Auke attraktiviteten på jernbanetilbodet på Jærbanen