Oppvekst
«Det som er godt for barnet er godt for alle»
KrF vil:
- Prioritere viktige velferdstjenester som lege, jordmor, helsestasjon og barnevern
- Tilby samlivskurs og foreldrerettleiing
- Kontantstøtte og barnetrygd skal ikkje reknast inn i sosialstøtta
- Arbeide for fleire tilsette i barnehagen på morgonen
- Prioritere tidleg innsats
- Gje skulane ressursar til god og tilpassa opplæring
- Lytte til ungdomane og foreldra i saka om eventuell felles ungdomsskule
- Legge til rette for samarbeid mellom skulane, og at ungdomen frå Gulen skal bli godt kjende med kvarandre og utvikle «Gulen-identitet»
- Demokratiopplæring ma gjennom ungdomsråd med ansvar og eigne midlar
- Gje gode tilbod innan avlastning, dagtilbod, arbeid og bustad for menneske med særlege behov.
- Årleg løyving til trygge skulevegar
- Førebygge rusmisbruk gjennom haldningsskapande arbeid, avgrensa tilgang og gode kontrollrutiner
- Busette fleire flyktningar
- Tilby god norskopplæring og hjelp til integrering for flyktningar og arbeidsinnvandrarar
- Auke tal lærlingeplassar
- Tilby sommarjobbar til ungdom
Eldre
Dagens eldre er spreke og aktive, og tilfører samfunnet mykje i form av frivillig arbeid. KrF vil legge til rette for det, ma med støtte til kulturelt arbeid, møteplassar og Frivillig-sentral.
For dei som ikkje lengre klarer seg sjølve, og treng omsorg, vil KrF:
- At organiseringa i open omsorg må ta omsyn til helsetilstand, avstandar og kompetanse. Målet er at folk skal kunne bu heime så lenge dei vil og det er forsvarleg.
- Gje pårørande høve til å vere ein ressurs, samtidig som dei får avlastning når dei treng det.
- Auke talet plassar for demente i samsvar med behovet.
- Styrke habiliterings- og rehabiliteringstenesta, ma ved å tilby fysio- og ergoterapiteneste.
- Styrke tilbodet til sørvis-skyss og tilrettlagt transport.
- Legge til rette for møteplassar mellom generasjonane
- Tilby aktivitør-teneste og aktivitet ma gjennom «Den kulturelle spaserstokken»
- Oppretthalde legekontor på Byrknes og Brekke.
Kultur og frivillig arbeid
«Det trengs ei heil bygd for å oppdra eit barn». Samhandling og møteplassar på tvers av bygdene, generasjonar og interesser er ein av styrken vår.
KrF vil:
- At biblioteka skal vere møteplassar og gje gratis kulturtilbod.
- Oppmuntre og medverke til årleg «Ungdommens Kulturmønstring»
- Ha kulturskule med eit brett spekter av tilbod, gjerne saman med andre kommunar.
- Samarbeid mellom kommune, kyrkje og andre frivillige organisasjonar om kulturopplevingar.
- At frivillige lag og organisasjonar skal få bruke offentlege bygg grastis.
- Gje rammer som gjer at kyrkjene og kyrkjegardane vert haldne vedlike og stelt på ein verdig måte.
- Samarbeide med kyrkja om barne- og ungdomsarbeid, diakoni og skulegudstenester.
- Gje tilskot til å oppretthalde eigen prestestilling i Gulen kommune.
- Vidareutvikle Tusenårsstaden Gulatinget som Gulatinget Nasjonale Kultursenter.
- Delta i utviklinga av Kystpilegrimsleia.
- Ikkje ha eigedomskatt på kulturhus, grendehus og verna bygg.
- Støtte opp om Frivillig-sentralen.
- Støtte opp om og vidareutvikle den statlege satsinga på fritidskort for born og unge.
- Medverke til at det blir bygt basseng og fleirbrukshall.
Næringsliv, miljø og utvikling
Gode, varierte og lønsame arbeidsplassar innanfor både private bedrifter og offentleg verksemder er av stor verdi for kommunen.
KrF vil:
- God og effektiv sakshandsaming.
- Oppdaterte og gode planverk med vekt på klima og berekraftmåla.
- Medverke til god mobil- breibands- /fiber- dekning i heile kommunen.
- Aktivt påverke nasjonale rammer for næringsutvikling.
- Godt vedlikehald på kommunale vegar.
- Ras-sikring Brekke – Instefjord.
- Utbetring av Fv 57 Sløvåg-Rutledal som ein del av Kystvegen Bergen- Ålesund.
- Ha kommunal landbrukskompetanse.
- Ha eit sterkt jordvern, særleg på god matjord.
- Stimulere til tiltak som hindrar attgroing, særleg langs vegane.
- Gje tilskot til mjølkekvote kjøp.
- Legge til rette for nisjenæringar og kortreist mat.
- Styrke samarbeidet mellom kultur og næring, og slik legge til rette for mellom anna reiseliv.
- Energiøkonomisering på nye og gamle bygg, med økt fokus på utnytting av solenergi.
- Vere medviten til eige forbruk og tenke gjenbruk.
- Ikkje støtte vindkraftutbygging på fjella i Gulen.
- Legge til rette for fleire parkeringsplassar ved knutepunkt for offentlig transport.
- Gje gode ordningar for folk som vil busette seg, td. etableringstilskot.