Program for Fjaler KrF 2019-2023

SAMAN FOR EIT VARMARE SAMFUNN

KrF sine grunnverdiar er det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Vi trur at verdiane frå kristendommen er det beste grunnlaget for å utvikle politiske løysingar for samfunnet vårt. Samtidig er trusfridomen grunnleggande i kristendemokratisk ideologi. Målet med politisk arbeid er eit samfunn med gode livsvilkår for alle, uavhengig av tru.

Visjonen vår er eit varmt og verdiforankra samfunn der alle menneske har lik verdi, opplever rettferd, og at ressursane vert fordelt rettferdig til beste for alle menneske.

EIT SAMFUNN MED PLASS TIL ALLE

KrF ynskjer eit samfunn der alle i størst mogleg grad kan leve frie og sjølvstendige liv. Eigenskapar, kjønn, etnisitet, seksuell orientering, språk og religiøs og politisk ståstad skal ikkje vere noko som avgrensar eit menneske sin plass i fellesskapet. KrF meiner menneskeverd betyr at alle menneske har ukrenkeleg verdi, og at Fjaler-samfunnet blir fattigare dersom det ikkje blir gitt rom for mangfald. Politikken som blir ført skal sette mennesket i sentrum. KrF arbeider for samfunnsmessig likestilling av alle menneske, uavhengig av utgangspunkt.

BUSTAD OG BUMILJØ.

Alle skal kunne bu godt og trygt. KrF vil legge til rette for eit bustadtilbod som skal vere variert og tilpassa ulike befolkningsgrupper og aldersfasar. KrF vil jobbe for:

  • Ein aktiv tomtepolitikk i heile Fjaler.
  • Gjennomgangsbustader for folk som vil flytte til Fjaler.
  • Leilegheiter for forstegangskjøparar.
  • Å unngå bustadbygging på matjord, som er ein uerstatteleg ressurs.
  • Høveleg friluftsareal i bustadfelta.
  • Gang- og sykkelvegar – for trygg skuleveg, folkehelse og miljøet.
  • Satsing på sosiale møteplassar i bygdene.

LANDBRUK

Landbruket er framleis ein viktig arbeidsplass i kommunen og er eit vilkår for at det bur folk i heile Fjaler. KrF vil:

  • Oppretthalde små og mellomstore bruk.
  • Leggje til rette for miljøvenleg og berekraftig bruk av jorda.
  • Ta vare på urørd natur og verne om dyrka mark og andre naturressursar.
  • Leggje til rette for tilleggsinntekter i landbruket.

NÆRINGSLIV

Vi er glade for dei nye og innovative bedriftene i Fjaler, og vi vil jobbe for å halde oppe arbeidsplassane i kommunen.

  • Kommunen må vere ein pådrivar med å støtte opp om nye og eksisterande bedrifter.
  • Vi vil leggje til rette for ei god utvikling for dei som driv verksemder.
  • Vi vil leggje til rette for at fleire menneske med helseproblem/nedsett funksjonsevne kan vere yrkesaktive.
  • Vi vil oppfordre bedrifter til å ta imot folk som treng språkpraksis og integrering.

SAMFERDSLE

Det skal vere mogeleg å bu, arbeide og drive eit aktivt næringsliv i heile Fjaler.

  • Ei god og stabil mobil- og breibandsdekning er eit vilkår for at folk kan busetje seg og arbeide der dei ynskjer. Alle i Fjaler må ha tilgang til nett med tilstrekkeleg hastigheit og til rimeleg pris.
  • Brøyting og vedlikehald av grendevegane er ein føresetnad for effektiv drift, og naudsynt for at folk skal få kome seg på arbeid og skule, og for at eldre skal kunne bu heime.
  • For å sikre dei mjuke trafikantane og tilrettelegge for mindre bilkøyring, bør arbeidet med gang- og sykkelvegar prioriterast høgt.
  • Vi treng eit kollektivtilbod som dekker heile Fjaler med korrespondanse til buss, båt og fly.
  • Hurtiglading for elbilar på strategiske plasser i heile Fjaler.
  • Gatelys og oppmerking av gangfelt er viktig.
  • Utbetring av fylkesveg 57 og vegen til Lutelandet må kome i gang snart.
  • Ingen bomstasjon innanfor kommunegrensene.
  • Eventuelle bompengar på fv57 bør ha ein månadleg maksgrense på kr.1500.

MILJØ OG NATURVERN


Målet med all politikk skal vere å løyse dagens utfordringar utan at det går utover framtidige generasjonars behov. Vi skal forvalte naturen og naturressursane på ein best mogleg måte og sørge for ei berekraftig utvikling ved å ta ansvar for biologisk mangfald, lokal luftkvalitet og det globale klimaet. Forureining av jord, vatn og luft gjennom utslepp av miljøgifter og uforsvarleg handtering av avfall er alvorlege trugsmål mot vår eiga og komande generasjonars helse, mot miljøet og mot den framtidige matforsyninga. Vi må sørgje for at også framtidige generasjonar får oppleve at Fjaler er ein fantastisk stad å bu.

  • SUM må få i gang henting av våtorganisk avfall.
  • Det må ikkje vere dyrare å levere til gjenvinning enn å levere restavfall.
  • Kommunen må gå føre med eit godt eksempel!
  • Vi vil arbeide for at SUM kan gje tilskot til småbarnsfamiliar som vil bruke tøybleier i staden for eingongsbleier.
  • Ingen ny vindkraftutbygging i Fjaler.

BARNEHAGE OG SKULE

Barnehagen skal vere ein trygg og god stad for små barn å vere, ein stad der barnet får utvikle seg gjennom leik, samspel og kreativ utfolding.

Skulen er den viktigaste arenaen i samfunnet for læring og utvikling. Den gode skulen oppnår lærelyst og meistring for alle elevar, uavhengig av personlege føresetnader.

  • Grendaskulane og barnehagane vert haldne oppe så lenge det er barnefamiliar som ønskjer det.
  • Barnehagane må få nok ressursar til å sette inn personale når pedagogane skal ha planleggingstida si.
  • Det skal ikkje vere fleire born på kvar barnehageavdeling enn det er i dag.
  • 1-10 skulen i Dale skal vere eit miljøvenleg og framtidsretta bygg.
  • Vi vil jobbe for å oppretthalde Dale vidaregåande skule som eit viktig tilbod til ungdom og bedrifter i HAFS-regionen.
  • Barn og ungdom med spesielle behov, nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom må bli sikra god pedagogisk oppfølging og undervising.
  • Framleis helsesøster i skulane.
  • Det må vere nulltoleranse for mobbing på skulane og i barnehagane. Alle mobbesaker skal gripast tak i og høvelege tiltak skal iverksetjast.

BARN, UNGDOM OG FAMILIE

Ein god barndom varer heile livet. Det er viktig med møteplassar for barn og ungdom og støtte til familiar som treng ekstra hjelp. Barn og ungdom frå familiar med låginntekt må få høve til å delta i organiserte fritidsaktivitetar på lik linje med andre.

  • Barnetrygd skal ikkje bli rekna inn i inntektsgrunnlagt for familiar som har rett på sosialstønad.
  • Gode integrerings- og inkluderingstiltak for flyktningane.
  • Vidareutvikle tilbodet på Bua med utlån av fritidsutstyr.
  • Forskottere fritidskort som vil gje barn og ungdom økonomisk støtte til ein aktivitet.

ELDREPOLITIKK

Eldre er rike på livserfaringar og er ein stor ressurs for samfunnet. Eldre skal kunne leve sjølvstendige, aktive, trygge liv og halde seg friske så lenge som mogleg. Det gir livskvalitet å få vere ein aktiv samfunnsborgar heile livet. Når behova for hjelp melder seg, må eldre få gode tilbod om nødvendige helsetenester, eigna buform og annan hjelp. Ein skal kunne leve eit godt og meiningsfylt liv med ansvar for seg sjølv og eiga helse så lenge ein har høve til det.

  • Eldre må kjenne tryggleik, ha rett til å bestemme over eigen kvardag og få tilbod om naudsynt hjelp.
  • Kan bu heime så lenge dei ønskjer/klarer det.
  • Gode aktivitets- og kulturtilbud.
  • Fortsette ordninga med Serviceskyss.
  • Gode vilkår for det frivillige arbeidet.
  • Nok sjukeheimsplassar.
  • Eldre må få variert, velsmakande og næringsrik mat.
  • Introdusere ordning med måltidvenner, der einslege eldre kan få ein ekstra porsjon mat til den som et med dei ein dag i veka.

KULTUR OG IDRETT

KrF ynskjer kulturskule for alle, satsing på opne bibliotek som viktige kulturarenaer og møteplasser der folk bur, samt blomstrande kulturaktivitet og frivillig innsats mellom anna i korps, kor og idrettslag.

  • Kulturskuletilbodet må haldast minst på det nivået vi har i dag.
  • Kulturskulen må få eigen plass i den nye skulebygget til undervisning og lagring av instrument og utstyr.
  • Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og livskvalitet. Vi treng både organiserte og uorganiserte tilbod med låg terskel.
  • KrF vil støtte det verdifulle arbeidet idrettslag gjer.
  • Framleis støtte til Teaterfestivalen.
  • Vidareføring av Elvestien slik at den går rundt Øyra og over den nye gangbrua.
  • Fleire tilrettelagde turløypar som alle kan bruke.

HELSE OG SOSIALPOLITIKK

Nedsett funksjonsevne skal ikkje vere noko hinder for å lykkast i det norske samfunnet, og KrF meiner at menneske med ulik grad av funksjonsevne er ein ressurs og tilfører samfunnet verdi. Vi vil jobbe for eit inkluderande lokalsamfunn.

  • Universell utforming er bra for alle og nødvendig for mange. Alle skal ha likt høve til å delta i samfunnslivet.
  • Universell utforming gjeld også digitale løysingar, som må vere utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Det må framleis vere mogleg å møte menneske og få informasjon på papir.
  • Eit velfungerande helsevesen treng nok ressursar.
  • KrF vil arbeide for å få eit tannlegetilbod i Fjaler.
  • Ordninga med støttekontakt, heimehjelp og heimesjukepleie må haldast oppe.
  • Menneske med funksjonshemming har krav på fullverdige tilbod om hjelpetenester, opplæring, arbeid, bustad og fritidsaktivitetar.
  • Foreldre som får barn med nedsett funksjonsevne må få eit godt møte med hjelpeapparatet og nødvendig hjelp gjennom heile oppveksten til barnet og inn i vaksen alder.
  • Pårørande som driv omsorgsarbeid må kunne få avlasting, råd og støtte.
  • Nødvendig hjelp og støtte til dei med psykiske lidingar.
  • Lag og organisasjonar må kunne søke om støtte til å integrere menneske med ekstra behov.

SOLIDARISK RUSPOLITIKK

Menneskeverdet og nestekjærleiken er retningsgivande for KrF sin ruspolitikk. Nøkkelorda er solidaritet med dei som slit, omsorg for dei som har problem, og førebygging av skader.

  • Ei restriktiv haldning til skjenkeløyve.
  • Aktivt rusførebyggande arbeid med støtte til fråhaldslag og opplysningsarbeid.
  • Rusfrie fritidstilbod.

TRU OG LIVSSYN

Eit godt samfunn har rom for heile mennesket, med den religiøse identiteten og det livssynet

kvar einskild har. Eit slikt samfunn forsøker ikkje å presse religionen ut av det offentlege rommet, men legge til rette for menneske sitt høve til å utøve trua si. Eit slikt samfunn verdsett trua si betyding for einskildmennesket og religionen si betyding for samfunnet.

  • Kyrkjene, gravplassane og bedehusa i kommunen må få nødvendige løyvingar til vedlikehald og nyanlegg.
  • Fortsatt skulegudstenester i kristne høgtider.
  • Søndagsopne butikkar skal vere unntaket og ikkje hovudregelen.

OG TIL SLUTT

  • Ny gravplass i Dale skal ligge på Øyra, og arbeidet skal begynne så fort som råd er, utan fleire debattar og utsetjingar.