OVERORDNA MÅL OG GRUNNSYN
Bremanger KrF vil arbeide for eit trygt, inkluderande og varmare samfunn, der innbyggjarane trivst og kjenner seg heime.
Verdigrunnlaget vårt byggjer på dei kristne grunnverdiane og eit demokratisk samfunnsstyre.
Vi har som mål å oppretthalde eit godt servicetilbod, samstundes som vi må finne gode løysingar på nye utfordringar.
OPPVEKSTMILJØ
HEIM, SKULE OG BARNEHAGE
Gode og trygge heimar er den beste garanti for eit godt oppvekstmiljø. Barn og ungdom har rett til tryggleik og god vaksenkontakt i heim, barnehage, skule og fritid.
I ei tid med aukande valdstendensar har særleg skulen ei sentral oppgåve i haldningsskapande arbeid.
Bremanger KrF vil arbeide for:
- at skule og barnehage formidlar den kristne kulturarven i den grad fagplanen i KRLE gjev høve til det.
- tiltak som er til vern om heimen
- å oppretthalde eit godt barnehagetilbod til alle som ønskjer barnehageplass
- å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur i kommunen
- at flyktningar eller asylsøkjarar må få seg bustad og tilrettelegging ut frå sine behov
- sikring av skulevegane, gang- og sykkelvegar, oppsetjing av autovern og rassikring
- å vidareføre handlingsplan mot mobbing og vektleggje det arbeidet
- å stimulere til bruk av familierådgjevingskontora i fylket
- gode rusfrie møteplassar og tiltak for barn og unge
KULTUR, KYRKJE OG TRUSSAMFUNN
Bremanger KrF vil arbeide for å ta vare på den rike kulturarven vår, som har djupe røter i kristendomen.
Den norske kyrkja er ein viktig del av samfunnet, både som trussamfunn og kulturberar.
Kyrkja, dei frie kristne organisasjonane og andre trussamfunn må få gode vilkår
Bremanger KrF vil gå inn for :
- å verne om helgedagsfreden, og at det framleis blir søndagsstengde butikkar
- å støtte Fellesrådet og sokneråda sine trusopplæringsplanar
- at bedehus, grendahus og andre kulturbygg kan få årleg kommunal stønad til vedlikehald
- at skule- og folkeboksamlingane må gje eit godt tilbod
- å støtte og oppmuntre det kulturarbeidet som vert drive av frivillige organisasjonar
- å oppretthalde og vidareutvikle kulturskulen
- at Fellesrådet får tilført midlar til vedlikehald av kyrkjene så forfallet ikkje aukar, kyrkjegardane og utviding av parkeringsplassar.
BUSTAD OG NÆRMILJØ
- Gode bustadtilhøve gjev godt grunnlag for gode heimar og godt nærmiljø.
- Det må leggast til rette for bygging av bustader også utanfor regulerte byggefelt.
Bremanger KrF vil arbeide for:
- ein aktiv bustadpolitikk, og at kommunen planlegg og opprettar bustadområde der det er trong for det, slik at det blir lettare for unge å etablere seg
- ei effektiv løysing av tomtespørsmål i distrikta
- tilskot på 10% av totalkostnad, inntil 300.000 til nybygg og restaurering
- at kommunen hjelper til med å skaffe husvære for innflyttarar
- arbeide for å fjerne privat eigedomsskatt
HELSE OG OMSORG
Forsking syner at det er ein klår samanheng mellom livsstil og mange helseproblem.
Bremanger Krf vil leggje til rette for gode treningstilhøve for born og unge.
Ei fundamental oppgåve er å verne om menneskeverdet og dei svake sin rett i samfunnet.
Vi ønskjer ein førebyggjande rusmiddelpolitikk.
Ei god eldreomsorg gjev trivsel og tryggleik.
Bremanger KrF vil gå inn for:
- at born og ungdom får grundige helsekontrollar for å førebyggje fysisk eller psykisk sjukdom.
- stimuleringstiltak for å få kvalifisert helsepersonell
Rask legehjelp både i kontortid og utanom kontortid. 2 legekontor.
- at vanskelegstilte gravide må få støtte til å fullføre svangerskapet og ta omsorg for barnet
- at funksjonshemma må få ta del i samfunnslivet ut frå sine føresetnader
- at eldre og sjuke, i den grad det er mogleg, må takast med på råd i saker som vedkjem dei
- å støtte tiltak som gjev gode tilhøve i open omsorg, og å oppretthalde dag- og servicetilbod for eldre slik at dei som ønskjer det, kan få bu heime så lenge som mogleg
- å støtte aktiviter for eldre
- å vidareutvikle Aktiv Jobb
- at Plan for rus og alkohol førebygging vert følgd opp
- at offentlege bygg vert tilrettelagde for funksjonshemma
KOMMUNAL STYRING OG UTVIKLING
Bremanger kommune må organisere si verksemd på ein slik måte at ein sikrar effektiv og rasjonell bruk av dei samla ressursane kommunen rår over.
Næringspolitikken må ha som mål å skape fleire og gode arbeidsplassar.
Bremanger KrF vil støtte opp om lokale tiltak rundt i bygdene, og vi ønskjer eit godt og konstruktivt samarbeid med dei andre politiske partia og nabo kummane om saker som kan gjere Bremanger til ein god kommune å bu i.
Bremanger KrF vil gå inn for:
- at det kommunale serviceapparatet må fungere slik at dei som ønskjer det, får god informasjon, hjelp og rettleiing, og at alle som vender seg til kommunen skal få svar innafor gjeldande fristar
- å halde kontakt med ungdom under utdanning med tanke på å få dei attende til kommunen
- at tilhøva må leggast til rette for små og mellomstore verksemder, så vel som for store, særleg med tanke på kvinnelege arbeidsplassar
- å prioritere små og mellomstore verksemder ved løyvingar frå Næringsfondet
- at fiskeri, fiskerelatert verksemd og oppdrett, jordbruk og skogbruk, som er viktige delar av næringslivet i kommunen, må få så gode kår som mogleg
- å synleg gjere Bremanger til eit attraktivt reisemål
SAMFERDSLE
I ein vid kystkommune med fleire øyar, fjellovergangar, store avstandar og til tider tøffe vêrtilhøve er det særs viktig med gode kommunikasjonstilbod, slik at busetnaden kan haldast oppe.
Bremanger KrF vil gå inn for:
- arbeide for rask realisering av 45 minutts-regionen og heile kystvegen,
- bru over Nordfjorden i ytre
- å oppretthalde ferja Stårheim – Isane
- Vidareføring av kystvegen mellom Svelgen og Florø, vurdering av ytre trase som ei heilskapsløysing.
- å arbeide for ny veg Svelgen og Myklebust (Indrehus tunellen) vert bygt fort.
- å utbetre fylkesveg 577 på Myklebust.
- utbetring av vegstrekningane Kalvåg – Hunskår og Rugsund – Isane
- leggje til rette for meir bestillingsruter for dei som ikkje kan bruke eigen bil
- hurtigbåt Måløy- Smørhamn – Florø, auka frekvens med bilførande båt
- samordne avgangstidene for ferjene i Nordfjord
- ha same takstregime på snøggbåtane i lokalfart som ferjene.
- Styrking av tilkomst til og avgongar ved flyplassen i Flora .
- Leveringsplikt på breiband
NATUR OG MILJØVERN
Miljøpolitikken må ta utgangspunkt i forvaltaransvaret. Naturvern er vern om livet no og i framtida Det gjeld oss sjølve, medmenneska og etterkomarane våre. Utviklinga har ført til at samspelet i naturen er i fare.
Bremanger KrF vil gå inn for
- Halde kyst og landskap fri for plast og søppel
- at næringane og industrien driv miljøvennleg
- å halde god vasskvalitet i alle kommunale vassverk
- å ta vare på viktige område for dyre-, fugle- og planteliv
- å ta vare på viktige friluftsområde som badeplassar og familievennlege skogsområde som er viktige for borna sin oppvekst.
- Arbeide for miljøvennleg kraftproduksjon, som t.d. utbygging av småkraftverk og vindmøller, men at ein viser omsyn ved plassering av vindmøller.
- Bremanger er pr. i dag best tent med å være eigen kommune.
Kommunesamanslåing må føre til betre bu og livskvalitet om det skal gjerast, det vil krevje det store infrastrukturtiltak på samferdslesektoren m.a.