Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane i KrF sin politikk. Me trur gode samfunn vert bygde nedanfrå og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. Mennesket har ein eigen verdi, og menneskeverdet er ukrenkeleg frå befruktning til ein naturleg død. KrF vil ha eit samfunn med plass til alle. Det å ha ein meiningsfylt kvardag er sentralt for alle menneske. Verdiane forpliktar oss óg på at me tek vare på og brukar naturen og naturressursane på ein berekraftig måte.
HOVUDPUNKT
1. Oppvekst
- Barn og familie
- Barnehage, skule og SFO
Ein god barndom varer heile livet. Prioriteringa av tidleg innsats og førebyggjande arbeid i heim, barnehage og skule må vidareførast.
2. Helse og omsorg
Me vil ha omsorg for heile mennesket i alle livsfasar, og vil spesielt satsa på førebygging.
3. Godt å bu i alle bygder
Me vil arbeida for at Bømlo skal ha attraktive lokalsamfunn med gode tilbod.
4. Klima og miljø
Forvaltaransvaret forpliktar oss til å verna om naturen og ta ansvar både for det lokale miljøet og det globale klimaet. Våre val får konsekvensar for framtida.
5. Kultur og frivillig arbeid
Det frivillige arbeidet er motoren i eit godt lokalsamfunn, og kulturen bind oss saman.
6. Næringsliv og samferdsel
Me vil ha:
- Gode rammevilkår for små og store bedrifter
- Plass for fleire i arbeidslivet
- Ei framtidsretta utvikling av samferdsel
- Eit levande landbruk
Bømlo kommune no og i framtida
For Bømlo KrF er det viktig at Bømlo óg i framtida skal vera ein god stad å veksa opp, bu og leva. Då er det viktig å leggja til rette for folkevekst, og at me har ein sunn økonomi som kan møta utfordringane som ligg føre oss. Ei framleis auke i folkeveksten er avhengig av attraktive arbeidsplassar og gode bumiljø.
Me veit at frå 2025 og utover vert det markert fleire eldre på Bømlo, og det vert relativt sett færre med skattbar inntekt. For KrF er det viktig at Bømlo kommune er førebudd på dette. Difor meiner me det er viktig med godt førebyggjande folkehelsearbeid som tek omsyn til heile mennesket, også andeleg. Menneske som har levd ei stund er ein stor ressurs. Dei har mykje å bidra med i møte med yngre generasjonar og i frivillig arbeid generelt. Alle skal oppleva å bli godt ivareteken når sjukdom og alderdom set sine spor.
På Bømlo har KrF vore i posisjon i fleire periodar. Me er opptatt av ei trygg styring av kommunen, både økonomisk og på andre måtar. Me har vore med på viktige grep som gjer at me er godt budd for framtida. Mange skular er oppdaterte, me har tilstrekkeleg med institusjonsplassar, det er bygd gode vegar og annan infrastruktur.
KrF ønskjer ikkje å kutta i tenestetilbodet, men dersom inntektene aukar, ønskjer me å redusera eigedomsskatten. Me vil óg arbeida for ei meir sosialt utjamnande ordning på eigedomsskatten. Mellom anna ved å innføra eit botnfrådrag.
1 – Oppvekst
Barn og familie
Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk legg forholda til rette for ein trygg og god oppvekst. Dei første leveåra er sentrale for god utvikling, og KrF ønskjer at familiane sjølv skal ha høve til å velja kva som er dei beste løysingane i kvardagen.
KrF vil:
● ha valfridom for familiane
● støtta tilbod om samlivskurs for foreldre
● auka fokus på familievern
● følgja opp at KrF si likeverdsreform vert gjennomført óg lokalt
● styrkja tilbod om foreldrerettleiing
● at alle skal få rask og rett hjelp frå hjelpeapparatet når behova melder seg
● støtta integreringsarbeid i bygdene våre
● ha trygge nærmiljø og leggja til rette for gode møteplassar på tvers av generasjonane
● ta vare på borna sine behov ved planlegging og utbyggingar
● sørgja for at barnetrygda ikkje vert rekna med i utrekning av sosial stønad
Barnehage, skule og SFO
Barn har ulik bakgrunn, og ulike evner og føresetnader. Barnehagen og skulen må sjå den einskilde og tilretteleggja for utvikling og læring i samarbeid med foreldra. Alle elevar har rett til tilpassa opplæring. Førebyggjing og tidleg innsats kan vera avgjerande for god utvikling.
Skule og barnehage skal byggja på kristne og humanistiske verdiar, og halda høg kvalitet.
Barnehagar og skular skal ha trygge og gode miljø der den enkelte skal oppleva meistring og vera inkludert.
Å begynna på skulen er ein stor overgang for alle barn. KrF vil at førsteklassingane skal få ein god start som tek omsyn til seksåringane si utvikling og behov for leik og fysisk aktivitet.
KrF vil:
• at Bømlo kommune aktivt arbeider for god kvalitet, tett bemanning og gode arbeidstilhøve i dei private barnehagane i kommunen
• vera positive til oppretting av ein kommunal barnehage om det vert behov for det
• at arbeid mot mobbing på alle skular og barnehagar i kommunen skal ha høg prioritet.
• ha særleg fokus på haldningsarbeid og nettvett
• arbeida for at tilsette i barnehagar og skular skal ha god kompetanse og få høve til vidare- og etterutdanning
• at det vert sett inn tidleg innsats når vanskar vert avdekka, og at barn med særskilte behov får den støtta dei treng
• at SFO skal vera eit godt og inkluderande tilbod for alle barn
• leggja til rette for at ungdomsskular kan prøva ut ‘karakterfri skulekvardag’ i 8. og delvis 9. trinn, men med vekt på gode vurderingstilbakemeldingar
• at Bømlo kommune i ein periode systematisk satsar på rekning i grunnskulen
• styrkja budsjett til skulekjøken
• vidareføra og styrkja førebyggjande tiltak gjennom Barne og familietenesta (PPT, helsestasjon, skulehelsetenesta og tiltaksteam)
• arbeida målretta mot fortsatt å betra kvaliteten i barnevernet
• vidareføra ordninga med SLT/MOT-koordinator (SLT: Samordningsmodell for Lokale, førebuande Tiltak mot rus og kriminalitet), og invitera til eit breitt samarbeid for reduksjon av mobbing, rusbruk, vald og overgrep
• støtta opp under Bømlo ungdomsråd og finna løysingar slik at dette får ei meir aktiv rolle i lokaldemokratiet
• oppretthalda ei god vaksenopplæring
• jobba for å utvida fagopplæring, óg for personar utan ungdomsrett
• arbeida for å sikra eit godt vidaregåande skuletilbod på Bømlo, óg for grupper som treng tilrettelegging
• støtta opp om pilotprosjektet for vidaregåande skule på Bømlo der opplæring og næringsliv har gått saman om eit tett samarbeid om eit framtidsretta tilbod gjennom “Bømlo vidaregåande skule – ein skule for havrommet”, med skulebygg på Leite og opplæringssenter i Rubbestadneset med høg standard
• arbeida for å få på plass havbrukslinje på Bømlo
2 – Trivsel, helse og omsorg
God helse er viktig for oss alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpa når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Bømlo KrF. Dette gjeld for alle fasar i livet. KrF ønskjer å verna om dei svake og tilrettelegga for ein verdig og aktiv alderdom.
Innbyggjarane i Bømlo skal vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Å bidra til meiningsfulle aktivitetar for innbyggjarar som fell utanfor det ordinære arbeidslivet må ha prioritet.
KrF vil arbeide for å styrkja det helsefremjande og førebyggjande folkehelsearbeidet i kommunen. Det inneber å leggja til rette for auka fysisk aktivitet for alle aldersgrupper og moglegheit for alle å delta i meiningsfulle fritidsaktiveter. For KrF er det viktig at samfunnet viser respekt for menneske sine andelege behov
Bømlo skal vera eit seniorvennleg samfunn – der eldre vert brukt som ressurs og får den omsorga dei har krav på.
KrF vil:
• arbeida for å etablera eit aktivitets- og seniorsenter i Svortland sentrum
• aktivt møta eldrebølgja
• sikra tilstrekkeleg bemanning for institusjonsplassar i kommunen
• at tilsette i helsesektoren har gode høve til etter- og vidareutdanning
• sikra eit godt dagtilbod for eldre og demente
• at sjukeheimsplass er tilgjengeleg når ein treng det, oppretthalde plassane på søre Bømlo
• auka bruken av tilsynsfarmasøyt på institusjonane, med mål om betre helse gjennom rett medisinbruk
• styrkja arbeidet med psykisk helse i kommunen
• oppretthalda eit godt dagtilbod på avdeling for psykisk helse
• oppretthalda ressursar til heimesjukepleie og heimehjelp
• sikra ei funksjonell omsorgsløn
• at Bømlo skal vera aktiv i å ta i bruk omsorgsteknologi
• ønskja velkommen fleksible turnusordningar i samarbeid med tilsette og tillitsvalde, med mål om auka rekruttering og fleire heile stillingsheimlar
• halda fast på ordninga med desentraliserte legekontor og tilbod om fysioterapi på Langevåg og Moster
• auka det kommunale bidraget til varig tilrettelagte arbeidsplassar (VTA)
• ha eit godt og tilrettelagt arbeids- og aktivitetstilbod for utviklingshemma
• søkja å finne løysingar for samarbeid med private bedriftar om tilrettelagte arbeidsplassar
• arbeida for å melda Bømlo inn i programmet ‘Inkluderande Kommune’
• arbeida for at Bømlo kommune og bedrifter på Bømlo inngår samarbeid med ‘HELT MED’ – eit program for inkludering av personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet
• sikra eit godt tilbod ved helsestasjonane og i skulehelsetenesta
• styrkja integrering av flyktningar, med fokus på tidleg innsats
• leggja til rette for høvelege butilbod for flyktningar og styrkja innsatsen for integrering i arbeidslivet
• støtta haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus, spesielt mot barn og unge
• sikra alkoholfrie soner, mellom anna på opphaldsstader for barn og unge
• at i alkoholpolitiske spørsmål skal omsyn til folkehelse gå føre næringspolitiske omsyn
3 – Godt å bu i alle bygder
KrF meiner at samfunn vert bygd nedanfrå og opp. Sterke bygder gir eit sterkt Bømlo. Me ønskjer gode desentraliserte tilbod og trygge miljø for alle gjennom heile livet. Å ha arbeidsplassar nær der folk bur er viktig for å bidra til eit godt tilbod i lokalsamfunnet.
Me meiner det er viktig å høyra dei lokale stemmene gjennom grendautval, velforeiningar og gardslag. Det er gjennom gode lokalsamfunn, grender, krinsar og bygder me kan byggja eit attraktivt Bømlo.
Me meinar det er viktig at kommunen har ei aktiv rolle i å sikra levande sentrum i dei ulike lokalsentra i kommunen. Alle må ha butikkar, servicetilbod og møteplassar. Kommunen kan bidra gjennom planverk, og å byggja vegar, gangvegar, leikeplassar osv.
Skulebruksplanen for Bømlo skal rullerast i perioden. Bømlo KrF meiner det er viktig å ta omsyn til kva bygdene meiner om oppretthalding av ungdomsskuletrinn og småskular.
KrF vil:
• ha fokus på å leggja til rette for å få unge til å flytta heim igjen og gjera kommunen attraktiv for nye tilflyttarar
• leggja til rette for vekst og utvikling i bygdene, både ved å sikra attraktive og tilgjengelege tomter i alle skulekrinsane, og leggja til rette for eit breitt næringsliv
• at kommunen aukar innsatsen for å sikre løysingar for båtplass til fleire, både ved kommunale anlegg, samarbeid med lokale båtlag og ved å vurdera krav om netto ekstra båtplassar i fellesanlegg ved større naustanlegg
• at kommunen har ei aktiv rolle i utviklinga av Svortland for å skape nytt liv i sentrum
• at kommunen har ei tilsvarande aktiv rolle i utvikling av sentrum i dei andre lokalsentra
• realisera omsorgsbustadar med gode fellesareal på Moster tidleg i perioden
• vidareutvikla Moster og Langevåg som sentrum gjennom gode løysingar i samarbeid med grendautvala
• arbeida for å rusta opp badeplass og rekreasjonsområde mot Storavatnet, ved Bømlo kulturhus
• arbeida for å realisera universelt utforma turstiar i våre lokalsenter
• arbeida mot fylket for å vera pådrivar for prøveordningar på Bømlo etter modell av “Kom-og-hent-meg-bussen”
• realisera gangveg langs Storavatnet frå kulturhuset til Hollundskjosen, og arbeida for gangveg heile vegen rundt, som kan verta ein trygg skuleveg
• sikra trygg skuleveg ved Rubbestadneset skule
• rusta opp skulen ved Våge, vurdera om ein må byggja nye bygg
• finna løysing for ny gymsal, eventuelt fleirbrukshall, i samarbeid med grendautvalet, sportsklubben og FAU på Våge
• gjera klar for, og vurdera å byggja, fleirbrukshall på Moster
• sjå på behov og mulighet for å auka hallkapasitet på Svortland
4 – Klima og miljø
KrF tek forvaltaransvaret på alvor. Me skal verna om naturen og miljøet lokalt, men óg vise medansvar for ei berekraftig utvikling og eit redusert forbruk. Det biologiske mangfaldet og det globale klimaet er óg vårt ansvar.
KrF ønskjer å ta vare på urørt natur og redusera det menneskelege fotavtrykket i naturen som kjem av forureining og forsøpling. Vårt initiativ til plastfri kommune skal realiserast i denne perioden.
KrF meiner Bømlo skal vera leiande i å utarbeida og realisera ein standard for plastfri kommune.
KrF vil:
• at Bømlo kommune skal verta ein “Plastfri kommune”
• utarbeida ein plan for energisparing i kommunale bygg
• arbeida for at alle kommunale nybygg skal vera lågenergibygg
• at kommunen skal gå over til å bruka hybrid- og elbil (nullutsleppskøyretøy) i kommunal samanheng
• arbeida for at det vert etablert fleire ladepunkt på Bømlo
• jobba mot regionale og sentrale myndigheiter for å få eit vesentleg betre kollektivtilbod på Bømlo
• prioritera støtteordningar til konkrete tiltak mot attgroinga av kulturlandskapet
• vera positiv til at Bømlo kommune blir ein Miljøfyrtårn-kommune.
• arbeida for betre sorteringsordning av avfall frå hytter og fritidsbustader
• yta tilskot for vedlikehald og skilting av turstiar, og sikra tilgjenge og parkering
• leggja til rette for ei berekraftig oppdrettsnæring
• sikra tilgang til sjø og sjøliv for ålmenta, både gjennom å verna om naturlege badeplassar og ved å leggja ut nye områder for småbåthamner
5 – Kultur og frivillig arbeid
KrF ser på det frivillige arbeidet som sjølve drivkrafta i det sivile samfunnet. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og bidreg til å skapa viktige treffpunkt.
Me vil difor arbeida for at det skal vera enklast mogleg for frivillige organisasjonar å driva med arbeidet sitt i kommunen. KrF vil at Bømlo kommune skal gje støtte til etablering av fritidstilbod med låg terskel for born og unge, og styrkja kristne og kyrkjelege kulturverksemder.
KrF vil:
• sikra at den statlege ordninga med fritidskort blir innført i Bømlo når dette er greia ut, og vurdera om Bømlo kan vera pilotkommune om dette vert aktuelt
• oppretthalda tilskotsordningar for barne- og ungdomsarbeid i regi av lokale kyrkjesamfunn, bedehus, idrettslag og frivillige lag og organisasjonar
• styrkja integrering og fleirkulturell samhandling gjennom frivillige lag og organisasjonar
• gi naudsynte rammer slik at Bømlo kulturskule kan halda fram med å tilby eit variert og desentralisert tilbod
• følgja opp Bømlo kulturhus og ha fokus på vidareutvikling av gode kulturopplevingar for alle generasjonar
• gi investeringstilskot til nybygg/tilbygg for kristne forsamlings- og allbrukshus likestilt med kommunale tilskot til idretts- og kulturanlegg
• ta ungdommane med på råd for å få fram nye prosjekt
• gi naudsynte løyvingar til Kyrkjeleg fellesråd for å oppretthalda eit godt tilbod innan diakoni og undervisning, og framleis ha fokus på vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar
• yta tilskot til Bømlo teater for vidare satsing på Mostraspelet og andre oppsetjingar
• arbeida for gode rammer for utvikling av Moster amfi og kyrkjehistoriske senter AS, og arbeida for at det får nasjonal status
• støtta opp om tusenårsjubileet 2024
• vera med å sikra at Moster og Bømlo gamle kyrkjer blir godt ivaretekne
6 – Næringsliv, jordbruk og samferdsle
KrF trur at samfunn vert bygd nedanfrå og opp. Då er det også viktig å ha arbeidsplassar nær der folk bur. Bedrifter med auga for lokal verdiskaping er viktige samfunnsentreprenørar. Ved verdiskaping legg dei grunnlag for gode lokalsamfunn der det er godt å bu. Bømlo KrF ønskjer å vera ein aktiv støttespelar for lokale bedrifter, og leggja til rette for fortsatt utvikling, nyskaping og vekst for arbeidslivet på Bømlo.
God samferdsel er eit vilkår for ein berekraftig kommune, og KrF meiner ei framtidsretta utbygging av samferdsel er naudsynt for ei sunn kommuneutvikling.
Å ta omsyn til mjuke trafikantar er viktig. Bømlo KrF vil søkja å finna løysingar for å ferdast trygt og enkelt i dei ulike lokalsenter på Bømlo.
Landbruk og jordvern må ivaretakast på ein berekraftig måte.
KrF vil:
• sikra tilstrekkeleg areal til næringsverksemd, og slik leggja til rette for at nye arbeidsplassar kan bli etablert i kommunen
• vera ein aktiv støttespelar for planlagt industriutbygging i Rubbestadneset
• arbeida aktivt for realisering av Bømlo fiskerihamn i Hovlandshagen
• at kommunen skal ha ei aktiv rolle i å få meir aktivitet på industrifeltet Serklau på Moster
• spesielt støtta opp om lokale bedrifter som bidrar til verdiskaping og vidare utvikling av lokalsamfunnet
• sikra gjennomføringa av prosjekta i den opphavlege “Bømlopakken” med framtidsretta løysingar
• i Bømlopakke II vil KrF først og fremst prioritera trafikksikre skulevegar
• vurdera andre og meir effektive innkrevjingsmetodar for bompengar om dette vert mogleg for vår pakke
• rusta opp kommunale vegar, med fleire busslommer og snuplassar for buss
• arbeida for å styrka snøggbåttilbodet til og frå Rubbestadneset
• arbeida for betre koordinering av kollektivtrafikken innan kommunegrensene, og betre samordning med snøggbåt og kystbuss
• arbeida for at kystbussen kan køyra innom Gassasundet eller korrespondera med buss derfrå
• arbeida for å sikra effektiv skuleskyss og bruke dei unge si stemme aktivt i dette arbeidet
• at kommunen skal ha ei aktiv eigarrolle i kommunale selskap, og vera positiv til å evaluera, og om nødvendig, endra struktur i desse
• halda fast på ferjesambandet Langevåg-Buavåg, med tilfredsstillande ferjemateriell, og oppretthalda eit godt rutetilbod til Espevær
• støtta opp om tiltak for auka bubil-, camping-, sykkel- og båtturisme
• vera positivt innstilt til vidareutvikling av Kulleseidkanalen og Røyksundkanalen
• at Bømlo kommune skal ha ei aktiv rolle i å legga til rette for berekraftig vekst i marin aktivitet (havbruk og anna)
Jordbruk, jordvern og skogbruk
Bømlo KrF vil ha gode vilkår for dei som driv med jordbruk – dette er den beste forma for jordvern. Det handlar om matproduksjon, landbrukspleie og miljø.
KrF vil:
• vera restriktive til å regulera om produktivt jordbruksareal til anna føremål
• behalda kommunalt tilsett veterinær
• ha eit godt fungerande landbrukskontor
• vera positiv til bygging av jordbruksvegar
• at dyrka jord som må takast for naudsynt samfunnsmessig utbygging, skal takast vare på og tilbakeførast eigedomen på nytt areal
• ha auka satsing på skog, noko som vil vera positivt for kommunen sin miljørekneskap
• arbeida for kommunalt tilskot til beiterydding
• fortsatt vera positive til skogsvegutbygging
• innføra kommunalt tilskot til skogplanting av gran (ikkje sitkagran)
• arbeida for interkommunalt samarbeid om utskipingskai for tømmer