Grunnsynet
Kristelig folkeparti er i alt sitt politiske arbeid forplikta på det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet, tenesteoppdraget og forvaltaransvaret.
Kyrkje og kristenliv
KrF vil arbeida for:
- å gi kyrkja gode økonomiske vilkår til å utføra oppgavene sine
- godt vedlikehald av kyrkje og gravplass
- gode vilkår for frivillig arbeid
Skule og barnehage
KrF vil arbeida for:
- at det vert bugd ny skule
- auka støtte til born som treng ekstra oppfølging
- å gi kurstilbod til lærarar og foreldre som har born med spesielle behov
- at kristne grunnverdiar skal prega skule og barnehage
- ein god og fleksibel SFO- og barnehage ordning
- at barnehagetilbodet og skule må vera mest mogleg knytt til naturen og nærmiljøet
- meir leikbasert læring i småskulen
Alkohol, narkotika og andre rusmidler
Alkoholen er framleis årsak til store helse- og sosialproblem i landet
KrF vil arbeida for:
- å støtte gode, rusfrie fritidstilbod
- at kommunale tilstellingar er rusfrie
- ein restriktiv alkoholpolitikk
- god kontroll med verksemder og lag som har løyve til å selja alkohol
- eit aktivt og målretta kommunalt rusførebyggjande arbeid
Helse og omsorg
KrF ynskjer å skapa trygge livsvilkår for alle som bur i Bokn.
KrF vil arbeida for:
- å sikra eit godt førebyggjande helsearbeid for alle
- at psykisk sjuke får eit tilstrekkelig tilbod
- at det er tilgjengelege bustadar til folk med spesielle behov
Kultur og verdivalg
KrF vil arbeida for:
- aktivt samspel mellom det frivillige og det offentlige
- å støtte arbeidet som vert drive av frivillige og frivillige organisasjonar
- å støtte varierte aktivitetar for eldre
- å støtte fleirkulturelle aktivitetar
Familiepolitikk
Familien er den grunnleggjande byggesteinen i samfunnet vårt.
KrF vil arbeida for:
- å stykja regionalt samarbeid om familierådgiving og samlivskurs
- at alle barn uansett familieforhold blir tatt vare på og får omsorg og gode oppvekstvilkår
- at familiar som treng hjelp må få dette mest mogleg gjennom heimebaserte tiltak
- at kommunen gir god informasjon om Boknasamfunnet til innflyttarar, og at det blir kjekt på Bokn for alle
Næringsverksemd
Eit velfungerande og aktivt næringsliv er ein føresetnad for å sikra velferdsamfunnet.
KrF vil arbeida for:
- god service og kort handsaming frå kommunalt hald
- fleire nye arbeidsplassar på Bokn
- å sikra næringsareal med lett tilgang til sjø
- at det vert laga kvileplass for tungtransport m/service på Bokn
- godt samarbeid med andre kommunar på Haugalandet om næringsutvikling
- godt vedlikehald av kommunale vegar og eigedommar
- å få ein god utvikling på område frå og med Knarholmen og sørover
Jordbruk
Eit aktivt jordbruk i Bokn er nøkkelen til det varierte kulturlandskapet vi har i dag.
KrF vil arbeida for:
- å leggja til rette for eit attraktivt og produktivt jordbruk
- å sikra bu og driveplikta
- vern av dyrka og dyrkbar jord, ved at jord ikkje blir bustad eller næringsområder
- å sjå positivt på tilleggsproduksjonar av ymse slag
- å gi høve til å selja jorda uten bygningar som tilleggjord på bruk som ikkje blir dreven av eigar
Kommunikasjon og samferdsel
Gode kommunikasjonsløysingar er viktig for å sikra busetting og næringsliv i alle deler av kommunen.
KrF vil arbeida for:
- god planløysing for E39 gjennom Bokn
- å få ruste opp kommune- og fylkes vegar til eit høgare akseltrykk
- å betre kolektivtibudet i heile kommunen
- sykkel- og gangvegar i Bokn slik at ein kan sykla eller gå frå Ognøy i nord, til Loten i sør
- kortare bussrute til vidaregåande skule i Haugesund
Miljø og natur
KrF vil arbeida for:
- å ta vare på den varierte og fine naturen i kommunen
- å legge til rette for balansert bruk av naturen til friluftsliv
- stimulere til tiltak som kan stoppe tilgroing
- stimulere til energisparende tiltak og bruk av nye energikilder
- kartlegging av det biologiske mangfaldet i kommunen
- mindre bruk av plast
Bustadbygging
KrF vil arbeida for:
- at kommunen har regulerte områder til husbygging på meir en ein plass
- at kommunen legg til rette for byggefelt med varierte og attraktive tomter
- at det er mogleg å byggja større hus med leiligheter på nokre eller deler av byggefelta
- at alle innbyggarane kan få tilknytting til kommunalt vatn