GRUNNSYN
Det kristne verdigrunnlaget og menneskesynet skal vera basis for KrF sine politiske standpunkt. Likeverd mellom menneske, omsorg for svake grupper, vern om ekteskap og familie og respekt for Skaparen og skaparverket er viktige drivkrefter bak vårt politiske engasjement.
ØKONOMI
KrF vil arbeida for at drifta av kommunen gir ein berekraftig kommuneøkonomi. Dei siste to periodane har KrF vore den tydelegaste røysta mot kutt i skule, pleie og omsorg. Desse driftsfelta vil bli prioriterte òg i komande periode. Når det gjeld investering i fireårsperioden vil nytt omsorgssenter prioriterast. KrF vil ikkje prioritera reduksjon av kommunale skattar eller avgifter, men vil arbeida for effektiv drift.
HELSE OG SOSIAL
KrF ynskjer at innbyggjarane skal kjenna at Bjerkreim er ein god kommune å bu i.
KrF vil arbeida for:
- eit fortsatt fokus på verdig eldreomsorg, med eit godt og variert tilbod, mellom anna dagsentertilbod
- at det nye omsorgssenteret vert framtidsretta og har fokus på brukarar, tilsette og omsynet til omstilling ut frå endringar som kan koma dei neste tiåra
- satsing på velferdsteknologi der fokuset er betre og tryggare tenester, men at brukarane framleis skal ha personleg kontakt med tenesteytar
- førebyggjande helsearbeid spesielt med sikte på barn og unge si psykiske og fysiske helse
- styrking av barnevernstenesta
- ein førebyggjande og restriktiv alkoholpolitikk
- at alle arrangement og tiltak som får kommunal stønad skal vera alkoholfrie.
- god oppfølging og kontroll av skjenkeløyve, ei restriktiv haldning til etablering av nye skjenkestader
- god integrering av flyktningar
KYRKJE OG KULTUR
Kyrkja og kristenlivet har rike tradisjonar, og kyrkje og bedehus må framleis sikrast gode arbeidsforhold i Bjerkreim. Dugnadsanda og det rike organisasjonslivet i Bjerkreim er avgjerande for det varierte kulturelle tilbodet kommunen har. Kulturarbeidet er viktig for å ta vare på og vidareformidla tradisjon og eigenart. Samtidig er mangfald og fornying viktig for å gjera kommunen attraktiv å bu i.
KrF vil arbeida for:
- gode arbeidsvilkår for frivillige lag og organisasjonar, standardsvar frå kommunen skal vera “ja”
- at kyrkja har ressursar til å kunna gje innbyggjarar i alle livets fasar eit meiningsfullt tilbod
- at kommunale bygg må stillast gratis til rådvelde for barne- og ungdomsaktivitetar
- laurdagsope bibliotek
- kulturopplevingar i alle delar av kommunen
- eit allsidig tilbod i kulturskulen og aktiv bruk av kulturbanken
- at Bjerkreim kommune innfører nasjonalt Fritidskort i samarbeid med dei frivillige organisasjonane
FRILUFTSLIV, NATUR OG MILJØ
Bjerkreim sin flotte natur må brukast aktivt og forvaltast ansvarleg. Forureining av luft, vatn og jord, må motarbeidast. Vi ynskjer å invitera til friluftsliv og turisme i ein aktiv landbrukskommune der kulturlandskapet er ein viktig del av opplevinga.
KrF vil arbeida for
- støtte til vedlikehald og opparbeiding av turstiar og skiløyper i samarbeid med grunneigarar
- at Ørsdalsvatnet blir lettare tilgjengeleg med tanke på rekreasjon og turisme.
- å halda nede vegetasjonen langs vegar og vassdrag
- samarbeid med elveeigarlaget og framleis kalking av elva
- at kommunen gir støtte til oppryddingsdugnad i regi av lag/foreiningar.
- eit fortsatt fokus flaumsikring
LANDBRUK
Bjerkreim kommune har stolte landbrukstradisjonar og KrF skal arbeida for å sikra næringa gode kår for framtida.
KrF vil arbeida for:
- at landbrukskontoret framleis skal vera ein fagleg og konstruktiv medspelar for landbruksnæringa
- at bu- og drivepliktsreglane vert praktiserte slik at dei som har næringsinntekta si i landbruket i størst mogleg grad er dei som eig gardane
- oppretthalda eit sterkt jordvern slik at Bjerkreim òg i framtida skal vera ein aktiv landbrukskommune
NÆRING
Private næringar må sikrast gode vilkår, slik at flest mogleg av dei som bur i kommunen kan få arbeid her.
KrF vil arbeida for:
- at kommunen er ein aktiv samarbeidspartnar for etablering av nye arbeidsplassar
- eit godt og løysningsorientert samarbeid med Bjerkreim Næringsforening
- at det til ei kvar tid er ledige eigna næringsområder til nye verksemder eller utviding av eksisterande
- auka satsing på turisme og overnattingsplassar i samarbeid med private initiativ
- eventuelle nye energiproduksjonsanlegg skal vurderast av kommunen på eit overordna plan-nivå og ikkje basert på lokale initativ
OPPVEKST OG SKULE
KrF i Bjerkreim vil ha god og tilrettelagt undervisning i godt vedlikehaldne skular. Barnehagane skal gi eit godt tilbod for vekst og utvikling.
KrF vil arbeida for:
- at alle elevar får ei framtidsretta opplæring som er tilpassa deira evner og anlegg.
- at barnehagane og skulen skal halda høg kvalitet og vera gode formidlarar av den kristne kulturarva
- eit fortsatt fokus på trygge skulevegar
- i spørsmålet om onsdagsfri for dei yngste elevane meiner KrF at foreldra veit best og at deira synspunkt skal vega tyngst om kommunen vil endra denne ordninga
- dagleg skuleskyss frå heile kommunen til vidaregåande skule
FRAMTID OG UTVIKLING
Innbyggjarane må oppleva at dei vert godt mottekne av politikarar og tilsette når dei har bruk for kommunale tenester. God service og rask sakshandsaming er ein føresetnad for all kommunal forvalting.
Særleg er det viktig å ta vare på ungdom som ynskjer å etablera seg med bustad i kommunen.
KrF vil arbeida for:
- at kommunen til ei kvar tid har ledige eigna bustadtomter både på Vikeså og Bjerkreim
- at det vert lagt til rette for små bustadfelt ute i krinsane
- at kommunale bygg og anlegg vert tekne godt vare på med jamt vedlikehald
- at dei kommunale vegane vert rusta opp og vedlikehaldne
- eit aktivt forhold til planlegging og utbygging av E39, mellom anna med omsyn til jordvern, utvikling av næringsliv og tilknytning til kollektivtilbod
- ei meir fleksibel skyssordning enn det ordinære kollektivtilbodet kan tilby, som til dømes bestillingsruter
- ei kommunal støtteordning for å stimulera til at breiband vert tilgjengeleg for alle husstandar i kommunen
- full mobildekning i bebygde område i kommunen
- at Bjerkreim fortsatt skal vera eigen kommune