Austrheim KrF ønskjer å vera til stades for deg som innbyggjar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er tenesteytar. Kommunen er til for innbyggjarane. Målet er at innbyggjarane skal oppleva det som trygt og godt å leva i kommunen vår.
KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå, der familien, som det minste og mest avgjerande fellesskapet, dannar fundamentet for samfunnet vårt. Familien, saman med dei mindre fellesskapa og nettverka, skapar gode oppvekst- og levevilkår for kvar einskild.
For KrF er menneskeverdet heilt sentralt. Kvar einskild av oss er unike og av uendeleg og ukrenkeleg verdi.
Rammevilkår og økonomi gjer det naudsynt å gjera prioriteringar i forvaltninga. Då er det viktig for KrF å vera rettferdig, og å arbeida for at dei rammevilkåra og midlane vi rår over vert nytta så rettferdig og effektivt som mogleg.
Austrheim Kommune er ein distriktskommune. God samferdsel er difor avgjerande for å oppretthalda og auka busetjinga. Det er viktig for Austrheim KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast, og der nye innbyggjarar opplever seg velkomne.
Kva ynskjer så vi i Austrheim Krf for kommunen vår dei neste åra framover? Under finn du nokre av dei sakene vi tenkjer er svært viktige å arbeide med.
BARN OG UNGE
- Leggja til rette for at Austrheim skal vera ein trygg og god kommune å veksa opp i
- Sikra god bemanning og kvalifiserte tilsette i skule og barnehage
- Skulane i Austrheim skal vera gode for alle
- Søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO
- Samla ungdomstrinnet på ein av skulane
- Arbeida for styrking og utvikling av Austrheim vidaregåande skule
- Styrking av helsesjukepleiarfunksjon og tilbod innan rus og psykiatri for barn og unge
- Arbeida for å oppretthalda tal på lærlingar i kommunale avdelingar
- Arbeida for tenlege og gode lokalitetar ved Kaland barnehage
- Sikra at barn og familiar som treng hjelp og støtte frå barnevernet får dette så tidleg som mogleg
- Sikra trygge skulevegar
NÆRINGSLIV OG SAMFERDSEL
- Leggja til rette for eit variert og innovativt næringsliv
- Etablera forum der kommune og næringsliv møtest jamleg
- Etablera kommunalt næringsfond
- Utvikla det kommunale næringsarealet i Mongstad-området
- Auka og sikra kapasiteten på vassforsyninga
- Byggja reinseanlegg og oppgradera kloakkanlegga
- Bussruter må korrespondera med hurtigbåt frå Vardetangen og frå Knarvik, samt ferje til Fedje
- Bussruter på kvelds- og nattetid frå Bergen til Austrheim i helgene
- Ved utlysing av kommunale anbod innan bygg og anlegg skal tilbydarar vera godkjende opplæringsbedrifter
- Arbeida aktivt for bygging av gang- og sykkelveg frå Kaland til Mastrevik
- Leggja til rette for ei sterk og berekraftig havbruksnæring
HELSE OG OMSORG
- Styrkja heimetenesta
- Styrkja førebyggjande arbeid og rehabilitering retta mot eldre
- Innføra førebyggjande samtalar med eldre når dei er 75 år – kartleggja behov for tilrettelegging, hjelp og tenester, samt informera om tilbod og rettar dei har
- Leggja til rette for at eldre og pleietrengjande har gode og tilrettelagde buforhold
- Satsa meir på ny velferdsteknologi som er med på å gjera kvardagen for eldre og pleietrengjande betre
- Styrka arbeidet innanfor psykiatri og rusomsorg, og fokus på tidleg innsats
- Sikra god tannhelseteneste i kommunen
- Sikra at ambulansetenesta framleis vert stasjonert i Austrheim
- Sikra god jordmorordning i kommunen
- Tilby foreldrerettleiings- og samlivskurs
FRIVILLIGHEIT OG KULTUR
- Auke i kulturmidlar til lag og organisasjonar, og prioritera barne- og ungdomsarbeid
- Styrking av frivilligheit innan eldreomsorg, gjerne i samarbeid med Frivilligsentral
- Leggja til rette for at dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar, og bidra til å skapa viktige treffpunkt
- Gje kyrkja gode rammevilkår
- Auka satsinga på kulturskulen
- Støtte opp under det flotte arbeidet for barn og unge som Austrheim IL, ungdomsklubben, bedehusa, skulekorpsa, Austrheim svømmeklubb og andre aktørar kvar veke gjer
LOKALSAMFUNNET
- Arbeida for at kommunen skal bidra til å skapa gode nærmiljø der folk bur
- Arbeida for god integrering og inkludering av flyktningar
- I samarbeid med velforeiningar, rusta opp dei tilrettelagde leikeareala slik at dei vert gode møteplassar for både små og store
- Leggja til rette for rydding av gamle ferdselsvegar slik at dei vert gode turvegar
- Arbeida for at Øksnesmarka skal vera eit område for friluftsliv, rekreasjon og naturmangfald
KOMMUNAL ØKONOMI OG STYRING
- Vurdera om kommunen skal innføra komitemodellen som politisk styringsmodell
- Oppretthalda den faglege kvaliteten på administrasjon og tenester gjennom samarbeid og kompetanseheving
- Arbeida for styrking av kommuneøkonomien