Program for Austevoll KrF 2019-2023

Menneskeverd i sentrum

KrF vil arbeide for eit varmt og verdiforankra samfunn, der alle har lik verdi, opplever rettferd og der ressursane vert forvalta ansvarleg til beste for alle menneske.

Verdigrunnlaget

Det gode samfunnet vert skapt i eit nært samspel mellom det enkelte menneske, privat verksemd og offentlege styresmakter i innsats for felles verdiar og med vilje til ansvar. Som eit kristendemokratisk parti, byggjer KrF politikken sin på dei kristne grunnverdiane. Desse kjem til uttrykk i Bibelen, gjennom det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet og forvaltaransvaret. Kristen etikk er grunnlaget for politikken vår.

Overordna mål for KrF i Austevoll

Austevoll KrF vil arbeide for at alle innbyggjarane i Austevoll skal ha gode tenestetilbod. For å lukkast med barnehage, skule, helse, samferdsle og kultur, må me syte for at næringslivet har gode kår slik at me har noko å fordele. Austevoll er rik på ressursar; menneskelege, kulturelle, og materielle. KrF ynskjer at desse vert forvalta langsiktig til det beste for alle.

Nærings- og arbeidsliv

Små og mellomstore bedrifter er ryggrada i næringslivet vårt, og KrF ynskjer å gje desse gode kår og i framtida. KrF vil arbeide for:

  • ei tilrettelegging for næringslivet som gjev berekraftige arbeidsplassar og verdiskaping
  • at oppdrettsnæringa får høvelege område for lokalitetar i arealplanen og at det offentlege gjev rammer som gjer det mogeleg å auke verdiskaping og sysselsetting i denne næringa i kommunen vår.
  • ein fiskeripolitikk som sikrar lønsemd, vekstpotensiale og arbeidsplassar innan fiskeri
  • å legge til rette for etablering av nye aktørar og gründerverksemder
  • å stimulere til samarbeid mellom private og kommunale interesser slik at nye næringar ogf næringsområde vert etablert og godt nytta
  • landbruket slik at det framleis kan gje grunnlag for ei effektiv småskaladrift.
  • at reiselivsnæringa kan vekse og tilføre nye arbeidsplasser og aktiviteter

Økonomi

I tråd med løftene var KrF med og fjerna eigedomskatten når kommunen var ute av Robek-lista. KrF meiner framleis at kommunen må sjå seg om etter andre løysningar enn eigedomskatt for å drifte kommunen og finne rom for investeringar. I dag er gjeldsnivået vel høgt etter KrF sitt syn, og avdragsnivået på eit minimum. KrF ynskjer difor:

  • å avgrense investeringar til eit forsvarleg nivå til ein ser at gjeldsnivået er handterlig på lengre sikt
  • å auke nedbetalinga / avdraga
  • å fortsette samarbeidet med private aktørar der dette er naturleg
  • å ikkje drive tenester i kommunal regi når dette påfører meirkostnader

Oppvekst og opplæring

KrF ynskjer gode skuler og barnehagar som byggjer på det kristne menneske- og verdisynet, vår kulturarv, menneskerettane og dei demokratiske tradisjonane. KrF ynskjer eit barne- og familietilpassa samfunn og satsar på:

  • bevisst verdiprioritering i skulen
  • høg lærartettleik i skulen for å sikre god læring
  • eit inkluderande og godt skulemiljø fritt for mobbing og rus
  • kontantstøtte til familiar som ynskjer å ha barnet heime
  • språkopplæring og aktiv integrering av innvandrarar
  • godt samarbeid med privat næringsliv for å gje elevane god erfaring frå yrkeslivet
  • ein ungdomsarbeidar som kan koordinere og styrke

KrF er positiv til private skular og barnehagar.

Helse- og sosiale tenester

Austevoll kommune har mange dyktige hender i arbeid for å yte gode helsetenestar til dei som treng det.  Austevoll KrF ynskjer å støtte opp om dei som arbeidar i dei ulike tenestane kvar dag, og bidra til at innbyggjarane får gode tenester der dei treng det, og når dei treng det.

Me har store endringar og behov for helse- og omsorgstenestar som møter oss allereie i dag. Fleire lever med alvorleg sjukdom og fleire får kroniske og livsstilsrelaterte sjukdommar. Austevoll KrF ynskjer å bidra til at Austevoll kommune kan verta i stand til å gje eit heilskapleg og godt habiliering- og rehabiliteringstilbod. Austevoll KrF ynskjer å bidra til at eit godt rehabiliteringstilbod vert etablert i kommunen.

Me som samfunn skal stilla opp for dei som slit med rusavhengigheit og Austevoll KrF ynskjer å støtta opp om gode tilbod til dei som treng å bli rusfrie og på vegen vidare. KrF vil ikkje gje opp sårbare mennesker i deira håp om eit liv uten rusavhengigheta. Eit mangfoldig behandlingstilbud der også ideelle aktørar spelar ei viktig rolle er avgjørende for å få til eit behandlingstilbod som er tilpassa den enkeltes behov.

Austevoll KrF ynskjer å fremma gode tilbod for menneske med nedsett funksjon og/eller spesielle behov. Me ynskjer å støtte opp om gode tiltak for Eidsbøen bufellesskap slik at bebuarar og brukarane får gode teneste.

Psykisk helse er like viktig som den fysiske helsa, og me ynskjer å støtte opp om gode tenestetilbod for barn, unge og vaksne i kommunen som treng psykiatrisk hjelp.

Me støttar arbeidet til helsestasjonen og skulehelsetenesta som når ut til born og unge i barnehagane og skulane. Deira arbeid inn mot førebyggjande helse hos barn og unge er så viktig for framtida til samfunnet vårt.

Austevoll KrF er nøgd med måten pleie- og omsorgtenestene vert formidla og støtter prinsippet med konkurranseutsetting. Ein ser at brukarane vert godt ivaretatt, at måla frå programmet i førre periode i stor grad er nådd og at dette er noko ein vil satse på i framtida. KrF vil medverke til:

  • avlastning og tilbod til menneske med særskilte behov
  • ordning med omsorgsløn og avlastningstilbod til dei som tek ansvar for pleietrengande familiemedlemmar
  • at barnevernet har gode arbeidstilhøve og tilstrekkelege økonomiske rammer
  • fortsette å markere seg som eit parti som tek psykisk helse blant barn og unge på alvor
  • edruskap i alle miljø og styrke informasjons- og haldningsskapande arbeid i skulen mtp alkohol og rus
  • fortsatt satsing på oppfølging av rusmiddelpolitisk handlingsplan
  • ha ein restriktiv skjenkeløyvepolitikk
  • Sjå mogelegheitene for å nytte velferdsteknologi for å kunne gjere om nokre av omsorgsbustadene på Storebø Brygge til institusjonsplassar.

KrF er og nøgd med initiativet om oppfølging av rusmiddelpolitisk handlingsplan slik at ein m.a. fekk tilsett rusmiddelkonsulent. Helsekoordinatorstillinga er ein suksess.

Samferdsle

Me har ein spreidd busetting og utfordrande geografiske tilhøve som krev ekstra satsing og merksemd med tanke på samferdsle. KrF vil arbeide for:

  • generell oppgradering av vegnettet og tilsynet med dette i kommunen
  • trygging av vegstrekningar der dei mjuke trafikantane er særleg utsatt, herunder:
    – betre standard på vegstrekninga Selbjørnsbrua – Liabrotet / Bekkjarvik
    – tofelts veg over Storebø
    – utbetre strekninga Eidsbøen-Haukanes
    – ny bru i Torangsvåg
    – utbetring av vegen i Hillebrotet på Store Kalsøy
    – fleire møteplassar mellom Økland og Barmen
  • Klassifisere vegen frå Hufthamar til fiskerihamna på Salthella som overordna vegnett.
  • KrF vil arbeide for eit billegare ferjetilbod, og for dei utan ferjeavtale/autopass. KrF vil arbeide for eit betre ferjetilbod med fleire seine avgangar. Nattferje bør bli eit tilbod. Tryggleiksbemanninga må vere på eit slikt nivå at ein er rusta for uønska hendingar i dårleg vèr.

Ei satsing på bru over Bjørnefjorden har geografiske, tekniske og økonomiske utfordringar, men Austevoll KrF meiner det er riktig å sjå på mogelegheitene for ei ny fastlandstilknytning som kan oppstå ved bygginga av E39 på fastlandet. Dette kan medføre at eit nytt ferjesamband til Rekstern vert aktuelt. Det kan også bli aktuelt med ei bru dersom kostnadene med bygging og kostnadene med å nytta ho blir akseptable.

Miljø- og ressursforvaltning

KrF er opptatt av å ta vare på dei miljøkvalitetane og ressursane me har på ein berekraftig måte. Det inneber at ein lyt gjere bevisste prioriteringar i enkelte vedtak og planprosessar der ein ser motstridande interesser. KrF vil difor:

  • legge til rette for at delar av strandsone og utmark vert tilgjengeleg for allmenta
  • arbeide for å ivareta kystlyngheia som kjenneteiknar store deler av Austevoll. Lyngheia vår er viktig for kulturlandskapet, det biologiske mangfaldet, friluftslivet og villsaudrifta
  • støtte ei berekraftig hausting av naturressursane
  • arbeide for at fiskeriforvaltninga sikrar Austevollsfiskarane tilgang til dei tradisjonelle fiskeria, mellom anna skal strukturkvoter falle tilbake til dei respektive fartøygruppene. Satsinga på ressursforskinga må styrkast slik at ho står i stil med dei enorme verdiane me haustar frå havet.

Kommunereforma

Austevoll KrF meiner kommunen er mest tent med å vere eigen kommune. Geografi, samferdsle og eksisterande infrastruktur gjer at det er unaturleg å bli ein del av ein større kommune som i realiteten fjernar det lokale sjølvstyret og Austevoll sitt særpreg. Samfunnsoppgåver som sjukehus, utdanning, renovasjon osv som Austevoll ikkje kan yte aleine, vert dekka inn i samarbeidsavtaler der me naturleg finn vår plass, anten mot Bergen eller andre vegar.

Kultur og frivillige organisasjonar

Austevoll KrF ynskjer ei aktiv og synleg kyrkje og frivillige organisasjonar som tek seg av menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Me ynskjer at kyrkja skal vere ein samlingsplassfor store og små og vil jobbe for at kyrkja har dei naudsynte ressursane til trusopplæringsarbeid, diakoni og anna verksemd som fell inn under kyrkja sitt område. Austevoll KrF vil arbeide for å få på plass eit kyrkjelydshus, helst i nærleiken av kyrkja på Storebø.

Austevoll KrF ynskjer å støtta opp om gode tiltak som fremjar god folkehelse og frivilligheit. Me ynskjer at det er eit godt samarbeid mellom det offentlege og samfunnet elles for ein god samfunnsutvikling. Austevoll KrF ynskjer å heia på og støtte dei som stiller opp i frivillige lag og foreiningar. Dette bidrar til god oppvekst, god helse og utvikling for menneske i alle aldra.