Verdigrunnlag
Kristeleg Folkeparti byggjer sin politikk på det kristne verdigrunnlaget. Bibelen gjev klare verdiar og normer som forpliktar og inspirerer oss som enkeltmenneske og samfunnsborgarar. Difor set KrF menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik i sentrum for all politisk verksemd. KrF trur at det gode samfunnet vert bygd nedanfrå, i samspel mellom det enkelte mennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. KrF meiner at politiske avgjerder skal takast så nær dei det gjeld som råd. Derfor er deltaking i lokaldemokratiet viktig.
KrF vil setja innbyggjarane i sentrum for sin politikk og arbeida for at tenestetilbodet frå kommunen har høg kvalitet og er nærast mogleg der folk bur. KrF ønskjer eit samfunn der alle blir møtt med respekt, og vaksne må vera gode førebilete for barn og unge. Eit samfunn som er godt for barna, er eit samfunn som er godt for alle.
KrF vil:
- ha gode lokalsamfunn i heile kommunen.
- sikra gode oppvekstvilkår for born og unge.
- sikra innbyggjarane gode helsetenester frå livet startar til det sluttar.
- byggja Alver kommune som attraktiv kommune å bu og driva næringsverksemd i.
- arbeida for klimatilpassing på ulike nivå.
- sikra ein sunn kommuneøkonomi.
Næring og landbruk
Eit levande og livskraftig næringsliv er ein føresetnad for eit sunt og levande lokalsamfunn. Alver kommune må arbeida aktivt for å sikra verdiskaping, arbeidsplassar og full sysselsetting. Å ha eit arbeid er fundamentalt for å ha stabile økonomiske kår og ein trygg kvardag.
KrF vil vera med på å leggja til rette for gode og føreseielege rammer for næringslivet, både for små og store verksemder, og vi vil særleg stø opp under dei som vil etablera og byggja eiga verksemd i kommunen. God infrastruktur og kommunikasjon er ein viktig føresetnad for næringslivet og for ein konkurransedyktig region i vekst.
KrF vil:
- at næringslivet skal få utvikla seg godt og med føreseielege rammer
- at sakshandsaminga skal vera god og effektiv, slik at Alver kommune vert ein god og attraktiv vertskommune å driva næring i.
- at kommunen skal spela på lag med næringslivet i heile kommunen, slik at dei får ta aktivt del i samfunnsutviklinga
- vera pådrivar for og tilretteleggja vidare for digital infrastruktur for næringsliv og innbyggjarar i heile kommunen. Dette gjeld ikkje minst tilgang på breiband og god mobildekning.
- at strategisk næringsplan skal brukast for å stimulera til nyetableringar som kan skapa varige og veksande verksemder.
- vidareutvikla og bruka næringsfondet aktivt.
- vera pådrivar for prioritering av ny E39 frå Klauvaneset mot Bergen, slik at naudsynt infrastruktur vert ivareteken.
- at interkommunalt samarbeid for næring og arbeidsliv skal ha høg prioritet, og at kommunane i Nordhordland må arbeida for at regionen sine interesser blir ivaretekne og samkøyrde.
- at berekraft må vektleggjast i all næringsverksemd
- at Alver kommune så langt det er mogeleg ut frå lov og regelverk skal leggja til rette for at lokalt næringsliv kan ta del i innkjøp og anskaffing.
Primærnæringane skal óg ha gode kår. I bygdene er landbruket ein viktig ressurs både for verdiskaping, matproduksjon og pleie av kulturlandskapet.
KrF vil:
- støtta opp om landbruket og lytta aktivt til næringa sine synspunkt i aktuelle saker.
- at det skal utarbeidast ein ny strategisk landbruksplan.
- sikra at kommunen har ei kompetent og velfungerande landbruksforvaltning.
- redusera nedbygging av dyrka mark til eit minimum. Overskotsmassar frå nedbygging bør så langt mogleg nyttast til framtidig matproduksjon.
- vidareføra veterinærvaktordninga i Alver kommune.
- undersøkja nærare om det er grunnlag for eit biogassanlegg i Nordhordland
Busetnad, geografi og samferdsle
Alver kommune vil ha trong for både tett og spreidd busetnad. Det er viktig at folk så langt det er mogleg kan bu nær arbeidsplassen sin og der dei trivst. KrF vil derfor arbeida for kommunale planar og rammer som gjer det mogleg å leggja til rette for ulike busetjingsmønster. Vi vil også tilpassa føresegner og planar til ulike delar av kommunen.
KrF vil:
- bidra til å oppretthalda og utvikla levande bygder i heile kommunen.
- tillata spreidd utbygging i kommunen for at folk skal kunna bu der dei ynskjer.
- at kommunen skal bidra aktivt til utvikling av Knarvik som regionsenter.
- at kommunen skal oppretthalda og utvikla lokal- og nærsenter lokalisert på Ostereidet, Lindås, Frekhaug, Vikebø, Manger og Bøvågen, slik det er skrive i intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga.
- sikra god dekning for mobil og breiband i heile kommunen.
- ikkje ha eigedomsskatt på hus og hytter.
- arbeida for «bustad for alle» gjennom tomteselskapet.
Gode høve for samferdsle er avgjerande både for folk og næringsliv. Det gjeld gode og tenlege vegar og reisenettverk for bil, båt, buss og anna.
KrF vil:
- leggja til rette for gode samferdselsløysingar i regionen.
- vera pådrivar for prioritering av ny E39 (strekninga mellom Klauvaneset og Vågsbotn) mot Bergen.
- arbeida for ny Alversundbru.
- gjennomføra ei planmessig opprusting av kommunale vegar.
- at Alver kommune skal vera ein pådrivar overfor Vestland fylke for å få opprusta fylkesvegane.
- vera pådrivar for eit godt kollektivtilbod i heile kommunen og vidareutvikling av snøggbåttilbodet til Bergen.
- arbeida for at det blir utvikla ei god og tenleg bussordning for området Frekhaug – Knarvik – Alversund.
- auka samarbeidet i Bergensregionen om framtidsretta trafikkløysingar og auka satsing på kollektivtransport.
- vidareutvikla trafikksikringsarbeidet i kommunen.
- at Alver kommune skal halda fram arbeidet med trafikksikring og trygge skulevegar og vera ein pådrivar overfor Vestland fylke når det gjeld dette.
- vera pådrivar for å få fleire sykkel- og gangvegar i kommunen.
Oppvekst
Heim, barnehage og skule må vera stader der barn og unge opplever tryggleik, omsorg og mestring. Trivsel er ein føresetnad for læring. Dei ulike lokalsamfunna må vera trygge oppvekstmiljø der barn og unge kan byggja gode sosiale nettverk og kjenna seg inkludert. Vi må stå saman i kampen mot einsemd og utanforskap. For KrF er omsynet til barna det viktigaste.
Familie
KrF ser på familien som den grunnleggjande byggjesteinen i samfunnet. Det er i familien dei første og nære relasjonane utviklar seg og skapar grunnlag for enkeltmennesket sin vekst. Det er difor viktig å gje familien fridom og støtte til å fylla den rolla. KrF vil satsa sterkare på førebyggjande tiltak. Det skal vera mogleg å få hjelp når familien treng det.
KrF vil:
- ta omsyn til barn i alt planarbeid.
- leggja til rette for samlivs- og foreldrekurs.
- innføra lågterskel familiestøtteprogram, som t.d.“Home Start” og “Barne- og familiehjelpen”.
- sikra at barnevernet er i stand til å gje barn, unge og familiar god hjelp og støtte.
- sikra brei fagleg kompetanse i barnevernet.
Barnehage
Ein god barndom varer heile livet. Mange barn har store delar av kvardagen sin i barnehage. Barnehagen skal vera ein trygg og god stad å vera for barna, ein stad der dei får utvikla seg gjennom leik, samspel og kreativ utfalding. KrF meiner at ulike barnehagar – offentlege og private – er med på å sikra mangfald og gje gode barnehagetenester.
KrF vil:
- ha eit fleksibelt barnehagetilbod tilpassa familiane sine behov.
- fokusera på tidleg innsats for dei som treng ekstra oppfølgjing.
- sikra likeverdige og føreseielege økonomiske rammer for alle barnehagane.
- vektleggja eit godt samarbeid mellom kommunen og dei private barnehagane.
- sikra gode friluftsområde for barnehagane i nærmiljøet.
Skule
Skulen er ein viktig arena for læring og utvikling. KrF vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen utrustar barn og ungdom til å møta livet. God læring er avhengig av både fagleg innhald, trivsel og rom for menneskeleg danning og utvikling. Skulen skal vera prega av ein kultur som bygger på gjensidig respekt mellom elevar, lærarar og heim.
KrF vil:
- I komande periode føra vidare gjeldande skulestruktur i Lindås, Meland og Radøy (jf. intensjonsavtalen).
- at alle elevar skal få eit godt opplæringstilbod med utgangspunkt i sine føresetnader, og at også elevar med stort læringspotensiale skal få relevante utfordringar.
- styrkja det sosialpedagogiske arbeidet i skulen.
- styrkja samarbeidet mellom heim, nærmiljø og skule.
- ha ein livssynsåpen skule der tru har ein naturleg plass, t.d. at det kristelege skulelaget skal få ha samlingar ved ungdomsskulane våre.
- formidla kunnskap om den kristne kulturarven, mellom anna gjennom vidare julegudstenester for barnehagar og skular i kommunen.
- at det vert arbeidd systematisk og førebyggjande for god kultur i skulen og for å hindra mobbing. Det skal vera nulltoleranse for mobbing.
- ha ei god og tilgjengeleg skulehelseteneste og styrkja arbeidet for barn og unge si psykiske helse.
- satsa systematisk på lærarane sin kompetanse gjennom etter- og videreutdanning.
- sikra skulane gode og oppdaterte læremiddel.
- styrkja satsinga på digitalisering i skulen med god tilgang til digitale hjelpemiddel, som tilgang til personleg datamaskin i ungdomsskulen.
- at elevane får god digital kompetanse og evne til etisk refleksjon rundt problemstillingar dei møter i ein digital kvardag.
- leggja til rette for og samarbeida godt med friskulane i kommunen.
- sikra god overgang mellom barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.
- auka talet på lærlingeplassar i kommunen /gi lærlingegaranti.
- halda fram med satsinga på MOT i ungdomsskolen.
- gjennomføra “gjeldsprosjektet” i ungdomsskolen etter modell fra Meland.
- vidareføra ordninga med trivselsleiarar i skulen.
- starta planlegging av ny ungdomsskule på Frekhaug og arbeida for ei snarleg realisering av prosjektet.
- realisera ny skule på Eikanger i tråd med gjeldande planar.
Ungdom
Det skal vera godt å vera ung i Alver. KrF vil arbeida for gode møteplassar for ungdom; både arenaer for aktivitet og arenaer der dei unge sjølve tar initiativ og er delaktige.
KrF vil:
- samarbeida godt med og støtta frivillige lag og organisasjonar.
- at ungdom skal bli lytta til, og at samarbeidet med ungdomsrådet skal styrkjast.
- halda fram med “Sterk og Klar”, IOGT sitt foreldrestøtteprogram, på ungdomstrinnet.
- støtta rusfrie aktivitetar og arenaer for ungdom.
- støtta aktivitetar som legg til rette for personar med særskilte behov.
- leggja til rette for gode møteplassar der ungdommar får utfalda seg.
- vidareføra ordninga med ungdomskoordinator.
- vidareføra SALTO.
Kultur, idrett, kristenliv og frivillig arbeid
Menneske som på ulikt vis brukar tid og krefter på å gjera ein innsats for andre, er av uvurderleg verdi for eit lokalmiljø. Frivillig aktivitet og arbeid knyttar folk saman og skaper felleskap og tilhøyrsle. Det skaper eit varmare samfunn og gjev meining i menneska sine liv. Kultur, idrett og kristent arbeid er viktige arenaer for frivillig arbeid, og dette legg grunnlag for kreativitet, opplevingar, mestring og inkludering. Det er difor viktig at kommunen samarbeider godt med dei frivillige og legg til rette for breidde innan frivillige lag- og organisasjonar, idrett, musikk, og kyrkjeliv. Kultur er óg ei offentleg oppgåve. Difor er det viktig å leggja til rette for kulturopplevingar i skulen og eit godt tilbod i kulturskulen.
KrF vil:
- støtta og byggja opp under frivillig engasjement, slik at ulike frivillige initiativ skal få blomstra.
- støtta eit mangfald av aktivitetar for barn, ungdom i frivillig og kommunal regi.
- leggja til rette for kulturelle aktivitetar for eldre.
- styrkja frivillig sektor som viktig nettverk for eit inkluderande samfunn, særleg for utsette grupper.
- særleg støtta lag og organisasjoner som legg til rette for at menneske med nedsett funksjonsevne får høve til å delta.
- støtta initiativ og tiltak som byggjer Alver-identiteten
- gje musikkmiljøet i kommunen gode vekst- og arbeidsvilkår.
- arbeida for at frivilligsentralen skal ha gode arbeidsvilkår.
- oppretthalda ein desentralisert kulturskule og styrkja kulturskuletilbodet i tråd med rammeplanen for kulturskular. Det skal vera høve til å søkja friplass i kulturskulen.
- vidareføra samarbeidet med lag og organisasjoner om “open hall”.
- halda fram med gratis halleige for barne- og ungdomsidrett.
- vidareutvikla biblioteket si rolle som møteplass, kulturberar og informasjonsformidlar.
- arbeida for realisering av kulturhus og badeanlegg i Knarvik.
- leggja til rette for ny arbeidskyrkje på Frekhaug.
- at Alver kommune skal prøva ut ei ordning med utlånsbil til bruk av frivillige som gjer ein innsats for å gje menneske som elles ikkje har høve til det f.eks kultur- og naturopplevingar.
- innføra prosjektet “Stolt av eige språk”.
Helse og omsorg
Alle menneske er unike og har uendeleg verdi, uavhengig av alder og funksjonsnivå. KrF meiner at vi som samfunn og fellesskap skal stilla opp når livet er sårbart. Difor er det viktig å verna om livet og gje gode livsvilkår til alle, frå unnfanging til naturleg død. Helse- og omsorgstenestene skal byggja på respekt for alle menneske, og brukarane skal stå i sentrum. Alle skal ha tilgang på godt helsetilbod og få hjelp til å klara seg i ulike livssituasjonar.
KrF vil:
- sikra gode, stabile og desentraliserte helsetenester i kommunen.
- at brukaren skal stå i sentrum – tenestetilbodet skal koordinerast og tilpassast ut frå kva brukaren treng.
- satsa på innovasjon og nyskaping i helse- og omsorgstjenestene i samarbeid med frivillige, lokalsamfunn og næringsliv.
- generelt satsa på kompetanseheving i helse- og omsorgstenestene.
- styrkja arbeidet innan psykiatri, halda fram med dagtilbodet og sikra eit godt og tilgjengeleg psykososialt kriseteam.
- styrkja jordmortenesta i kommunen og greia ut trong for eit jordmorsenter.
- styrkja helsestasjonen og skulehelsetenesta i takt med folketalsutviklinga og halda fram med ungdommens helsestasjon.
- sikra ordninga med omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistent og gje god informasjon om dette.
- at personar med trong for helse- og omsorgstjenester skal ha kunna få ferieopphold også utanfor kommunen.
- at Helsehuset skal utviklast som ei helseklynge og bli eit ressurssenter for regionen, og at det blir etablert fagskuletilbud innan velferdteknologi.
- at Alver kommune skal utarbeida ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
- at Alver kommune skal ha kreftsjukepleiar.
- halda fram satsinga på desentraliserte vekstverksemder i kommunen (t.d. Aufera).
- etablera samarbeid mellom kommunehelsetenesta (fastlegeordninga) og Knarvik vgs knytt til fråversreglementet i vidaregåande skule (evt. pilotprosjekt).
Eldreomsorga skal byggjast på dei same prinsippa om likeverd og tilpassing til den enkelte som resten av helsetilbodet i kommunen. Det er viktig å sjå potensialet for kvar enkelt, ikkje berre fokusera på nedsett helse og redusert funksjonsnivå.
KrF vil:
- at eldre og personar som treng særleg hjelp og tilrettelegging, blir sikra trygge og gode bustadtilbod i ulike delar av kommunen.
- at kommunen skal ha nok sjukeheimsplassar og ulike typar bustader som er tilrettelagt for eldre.
- utforska om kommunen å på sikt kan byggja ein “eldrelandsby” der dei som bur der, kan få eit tenestetilbod på det nivået dei treng; frå å klara seg sjølv til å få døgnkontinuerleg pleie.
- sikra nok ressursar til heimebaserte tjenester og avlastningstiltak.
- utvikla ein seniorplan for Alver kommune med vekt på forebygging, folkehelse og frivillig arbeid.
- styrkja ergoterapitenesta.
- ta vare på og styrkja eit tilpassa og differensiert dagtilbod for personar med demens og halda fram med dagsenter/seniorsenter/aktivitetssenter i kommunen.
- satsa vidare på bruk av velferdsteknologi.
- satsa vidare på rehabilitering og kvardagsrehabilitering og ha eit godt opplegg for dei som vert utskrivne frå sjukehus og treng vidare pleie.
- at tidspunkt for middagsservering på sjukeheimane skal vera tilpassa kva som er best for dei eldre.
- få i gang ei ordning med “el-sykkel-taxi” for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.
- vidareføra eksisterande ordning med institusjonskjøkken.
- arbeida inn mot sentrale styresmakter for at ordninga med omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistent o.l., skal gjelda også etter at brukaren har fylt 67 år.
Psykisk helse og rus
Kommunen har eit stort ansvar for å gje hjelp og tilbod til menneske som har ei psykisk liding og/eller er avhengig av rusmiddel. KrF meiner den psykiske helsa må takast på alvor like mykje som den fysiske helsa. Vi må aldri gje opp trua på at menneske har ressursar og evner til endring i sitt eige liv. Alver KrF ynskjer eit samfunn med plass til alle, der alle i størst mogleg grad kan leva frie og sjølvstendige liv.
KrF vil:
- styrkja det kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus og sikra eit framleis desentralisert tenestetilbod for målgruppa.
- ha ein restriktiv, solidarisk og omsynsfull ruspolitikk med vekt på forebygging. Omsyn til barn og andre sosialpolitiske omsyn skal ha avgjerande vekt i alkoholpolitiske saker.
- videreutvikla kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan til ein heilskapleg ruspolitisk handlingsplan.
- bidra til godt samarbeid mellom kommunen, spesialisthelsetenesta og fylkeskommunen på feltet for psykisk helse og rus.
- bidra til at personar med psykiske lidingar og personar som er avhengige av rus, får riktig tilbod og rehabilitering, også ved ideelle organisasjoner dersom det er formålstenleg.
- leggja til rette for god oppfølging etter rehabilitering, innlegging på institusjon eller fengselsopphald.
- videreutvikla dagtilboda innan psykisk helse og rus, og arbeidstiltaket ArbeidsAktiv
- arbeida for flere ettervernstiltak både i kommunal regi og i samarbeid med ideelle organisasjonar.
- at det blir tilsett flere medarbeidarar med brukarerfaring innan feltet for psykisk helse og rus.
- byggja bustader til personar med ROP-lidingar (rus og psykiatri) med døgntilsyn.
- sikra mellombels tilbod om bustad – enten i kommunal regi eller gjennom driftsavtale med ideelle organisasjoner.
- vera pådrivarar for å få på plass pårørandearbeid i Alver kommune.
Sosial
KrF vil bidra til sosial og økonomisk tryggleik for alle innbyggjarane i Alver kommune. Dette omfattar at kvar enkelt må få sjanse til å leva og bu sjølvstendig, og at det må leggjast til rette for overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. KrF vil forebyggja sosiale problem ved at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
KrF vil:
- arbeida fram og prioritera tiltak som fremjar stabile oppvekstvilkår og trygge heimar.
- bidra til realisering av det nasjonale aktivitetskortet for barn og ungdom.
- sikra at barnetrygda vert halden utanfor når ein reknar storleiken på sosialhjelp, og at dette ikkje fører til reduksjon i økonomisk sosialhjelp knytt til barn og unge.
- leggja til rette for god overgang til arbeid.
- auka fokus på inkluderande arbeidsliv med tilretteleggjing og inkludering som gjev plass til alle.
- ha eit NAV-kontor med åpningstider som gjer det tilgjengeleg for innbyggjarane, som held fram med å prioritera ungdommar og flyktninger utan arbeid, og som held fram si prioritering av tett kontakt med arbeidsgjevarar.
- at NAV i samarbeid med kommunen og næringslivet får oppretta fleire språkpraksisplassar for flyktningar og framandspråklege.
- at Alver skal ta eit solidarisk ansvar for mottak og busetjing av flyktningar.
- ha eit variert og tilpassa introduksjonsprogram som fungerer for dei det gjeld.
- ha ein gjennomgang av dei kommunale avgiftene knytt til sjølvkostområdet.
Natur, Friluftsliv og Folkehelse
Friluftsliv står sterkt i Alver. Natur- og friluftsliv gjev rom for avkobling og livsutfalding, både i nærmiljøet og i regionen elles. Friluftsliv er også viktig for folkehelsa.
KrF vil:
- seia nei til vindkraftutbygging i friluftsområde og urørt natur.
- leggja til rette for eit aktivt liv i kvardagen med gode tilhøve for idrett og friluftsliv.
- ta vare på og utvikla tur- og friluftsområde i heile kommunen.
- sikra naudsynt areal til leik og friluftsliv i nærmiljøa, ikkje minst rundt skular og barnehagar.
- sikra at Lonena framleis er eit attraktivt friluftsområde.
- styrkja folkehelsearbeidet i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
- samarbeida med frivillige og grunneigarar som legg ned ein innsats for å ta vare på og utvikla turstiane i kommunen, mellom anna ved at kommunen betaler for materiale til bygging av mellom anna kloppar og god skilting.
- arbeida for å gjera naturopplevingar meir tilgjengelege for menneske med nedsett funksjonsevne.
- prioritera tursti frå Løypetona til Dalstø.
- leggja til rette for parkeringsplasser ved turområde.
- arbeida for fleire rasteplassar og utsiktspunkt langs vegnettet i kommunen.
- saman med Bergen og Omegn friluftsråd, lag, organisasjonar og næringsliv samarbeida for å restaurera Kommandantboligen på Håøy.
- at omsynet til folkehelsa skal skal ha avgjerande vekt i all kommunal planlegging, også arealplanlegging.
- at det skal vera røykfritt ved kommunale bygg og på skuletomter.
- leggja til rette for parsellhagar i tettbygde strok.
Miljø
Menneska har ansvar for å forvalta skaparverket og omgjevnadene slik at løysingar på dagens utfordringar ikkje går utover framtidige generasjonar. Vi skal forvalta jorda best mogleg og syta for ei berekraftig utvikling ved å ta ansvar for biologisk mangfald, det lokale og det globale miljøet.
KrF vil:
- at det vert teke langsiktige og berekraftige miljøomsyn i planlegging og bruk av areal.
- at det i tettbygde område i kommunen vert teke vare på “grøne lunger” der innbyggjarane kan leika og finna rekreasjon.
- at det i arbeid med planar og regulering vert teke vare på landskapssilhuettar og utsiktspunkt.
- at kommunen skal ha ei miljøvenleg drift av offentleg areal for å ta vare på artsmangfaldet.
- leggja til rette for utbygging av fleire ladepunkt for EL-bilar.
- at den kommunale bilparken ved utskifting blir elektrifisert i så stor grad som mogleg.
- redusera materielt forbruk ved auka fokus på gjenbruk i kommunal sektor.
- arbeida vidare med energiøkonomisering i kommunen, blant anna ved at alternative energikjelder vert vurdert ved større offentlege og/eller private byggeprosjekt.
- at miljøvenlege materiale og energiløysingar skal brukast i kommunale bygg, slik at dei får plusshusstandard.
- arbeida for klimagruppe ved alle skular i kommunen.
- ha sykkelparkering ved alle kommunale og offentlege bygg.
- prioritera lokale leverandørar ved kommunale innkjøp der økonomi og regelverk tillet det.
Den kommunale organisasjonen
Alver kommune yter tenester til innbyggjarar og næringsliv i kommunen. Kommunen må vera en serviceorientert, nyskapande og framtidsretta leverandør av tenester. Alle innbyggjarar skal bli møtt på ein respektfull og profesjonell måte av den kommunale organisasjonen, og kvar einskild skal bli sett og lytta til i tråd med det kristne menneskesynet.
Alver er ein stor arbeidsgjevar, og dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Det er avgjerande at kommunen er ein god, attraktiv og profesjonell arbeidsgjevar som gjev dei tilsette godt rom til utvikling og kompetanseheving.
KrF vil at Alver kommune:
- er tilgjengeleg, profesjonell og serviceorientert i møte med alle.
- gjev god informasjon og held fristar i møte med innbyggjarane.
- skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar og kontinuerleg arbeida for eit godt arbeidsmiljø.
- aktivt skal byggja dei tilsette sin kompetanse og utvikla kompetanseplaner for alle tilsette.
- gjev tilbod om heile stillingar til dei som ynskjer det, så langt det er praktisk mogleg.
- skal byggja vidare på beste-praksisar fra Radøy, Meland og Lindås, i tråd med intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga.
- skal arbeida systematisk med klart språk i alle delar av den kommunale kommunikasjonen gjennom deltaking i prosjektet “Klart språk”.
- skal vidareføra feilmeldingstenesta frå Meland.