Fylkesårsmøte i Vestland KrF

Årsmøtet er fylkeslaget sitt øvste organ og vert vanlegvis avvikla innan 1. april kvart år. Innkallinga skal vere skriftleg og skal sendast ut minst ein månad i førevegen.

Desse har stemmerett på årsmøtet:
– fylkesstyret fylkestingsgruppa sine medlemar
– 7 utsendingar valde av KrFU
– 5 utsendingar valde av KrFK-utvalet
– utsendingar med fullmakt frå lokallaga
– ordførarane i fylket
– byrådane i fylket
– partiet sine stortingsrepresentantar frå fylket

Desse kan ta del i årsmøtet med tale- og forslagsrett:
– fylkessekretær
– statsrådar frå fylkespartiet
– statssekretærar frå fylkespartiet
– 1 representant frå fylkespartiet sitt seniorutval

KrF-medlemar i Vestland fylke har tilgang til årsmøtet utan tale- og forslagsrett.

Kvart lokallag har rett til å sende to utsendingar for inntil 50 medlemar. Vidare kan dei sende ein utsending til for kvar 50 medlemar som er begynt på utover det. Alle representantar
må ha vore medlem i meir enn ein månad før møtedato, jamfr. § 10–2.

04. mar.

05. mar. 2022

Fylkesårsmøte i Vestland KrF

Bergen
fredag 04. mars 18:00 – lørdag 05. mars 16:00