Fylkestingsprogram for Møre og Romsdal KrF 2019 – 2023
Innleiing
KrF byggjer sin politikk på menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik, henta frå Bibelen.
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for at alle innbyggjarane i Møre og Romsdal skal ha gode tenestetilbod.
Fylket vårt er rikt på ressursar, menneskeleg, kulturelt og materielt. Desse må forvaltast til beste for alle på ein økonomisk berekraftig måte. Godt samarbeid og konstruktiv dialog mellom fylkeskommunen og dei ulike kommunane er viktig for å ivareta desse ressursane. Både innbyggjarar i byar og i distriktskommunar må sikrast at deira interesser blir ivaretekne på ein god måte.
Kristeleg Folkeparti går inn for å behalde eit regionalt folkevalt nivå, då dette er viktig både for demokratiet og tenestetilbodet. Samstundes er det viktig med eit nært samarbeid over region- og fylkesgrensene om store oppgåver. Det regionale nivået trengst også i framtida som påverknadskraft inn mot sentrale styresmakter.
KrF vil arbeide aktivt for å utvikle heile Møre og Romsdal på alle samfunnsområde. Møre og Romsdal framstår som eit vekstkraftig og verdiskapande fylke og er av dei fylka som gjev mest bidrag til landet sin samla eksportverdi.
KrF vil styrke samarbeidet mellom Møre og Romsdal fylke, kommunane, Regionråda og dei frivillige organisasjonane. Vi vil lytte til innspel frå enkeltpersonar, næringsliv, organisasjonar og kommunar i arbeidet med å utvikle Møre og Romsdal i 4-års perioden etter valet i 2019.
1. Miljø- og ressursforvalting
Møre og Romsdal er rik på rein luft og flott natur. KrF vil at miljøperspektivet må takast på alvor og blir integrert i alle sektorar i fylket. Dei ulike interessene innanfor næring, friluft, miljø og vernearbeid må samarbeide for å forvalte miljøet på ein god måte.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- at miljøperspektivet skal stå sentralt i all fylkeskommunal planlegging og innkjøp.
- å arbeide for auka grad av digitalisering i offentleg sektor og bruk av kunstig intelligens i behandling av standardiserte skjema.
- pilotordning med samarbeid mellom fylket, kommunar, NAV og privat næringsliv om lågterskeltilbod til arbeidsledige.
- å fortsette vernearbeidet for plante-, fugle- og dyreliv.
- aktivt å nytte fylkeskommunen si rolle som bestillar og regional utviklingsaktør for å utvikle nye fartøytypar med utsleppsfrie og hybride framdriftssystem, i samarbeid med den maritime klynga.
- å gjenopprette og bidra til å sikre permanent drift av godstrafikken på Raumabanen – gjerne med hydrogendrift.
- å etablere infrastruktur for elbilar langs riks- og fylkesvegnettet.
- å ha som målsetting at alle einingar i fylket skal sertifiserast som miljøfyrtårn.
- å støtte opp under interkommunale miljøtiltak.
- å sikre økonomisk støtte til kompetansesentera for miljø og fornybar energi i fylket.
- auka tryggleik for transport langs kysten, med styrking av overvaking, utstyr og beredskap i tilfelle båthavari og oljeutslepp.
- at all trafikk på sjø og mest mogleg av vegtrafikken i verdsarvområda må vere 0-utslepp av fossilt brennstoff.
- at all framtidig olje/gass utvinning skal vere på miljøet sine premissar. KrF vil støtte ny teknologi innan olje/gassektoren.
1.1 Energi
Energitilgangen er viktig for å sikre arbeidsplassar og ei desentralisert busetting. KrF vil arbeide for aktiv satsing på ENØK-tiltak og samtidig aktivt støtte opp under forsking på nye og miljøvenlege energiformer.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- å realisere visjonen om «utsleppsfri E39», ved at fjordkryssingsprosjekta i fylket vårt blir prosjektert med integrerte installasjonar for produksjon av fornybar energi.
- ei modernisering av eldre kraftverk og opprusting av overførings- og leidningsnett blir prioritert, samt vurdere utbygging av nye miljøvenlege kraftverk.
- å vidareføre arbeidet med å etablere og drive ENØK-nettverk for bedrifter og fylkeskommunale bygg.
- ein fylkesdelplan for utbygging av vind og bølge/havkraft.
- auka bruk av biobrensel, f.eks. ved bruk av vegetasjonen langs vegane.
2. Utdanning og skule
KrF ønskjer at skulane i Møre og Romsdal skal sjå heile eleven, og tilby både eit godt fagleg og psykososialt skulemiljø for den enkelte elev. Skulen skal førebu ungdommane til å møte utfordringane i arbeids – og samfunnslivet. KrF ønskjer å arbeide for ein endå høgare fullføringsgrad i den vidaregåande skulen i fylket, og styrke skulehelsetenesta. Vi vil òg ta omsyn til næringslivet sine behov for framtidig arbeidskraft under utforming av studia. Fylkeskommunen skal vere ein aktiv og engasjert eigar av sine skular i Møre og Romsdal, og sørge for at det er god kvalitet i alle ledd.
Kristeleg Folkeparti går inn for
• ein desentralisert vidaregåande skulestruktur.
• fritt skuleval for alle VGS-elevar – også over nærliggande fylkesgrenser, slik at elevane kan bu heime.
• at funksjonshemma blir sikra eit tilpassa og fullverdig undervisningstilbod, blant anna med valfridom til å velje å gå vidaregåande ved Tøndergård skule og ressurssenter.
• å halde fram med å styrke oppfølgingstenesta for «drop-out» elevar.
• å styrke skulehelsetenesta.
• å auke takta i utskifting og modernisering av utstyr som blir nytta til opplæring i yrkes- og realfag.
• å arbeide for å auke talet på lærling- og praksisplassar.
• at kampen mot mobbing blir intensivert, blant anna ved å gjere mobbeombodet til ei permanent ordning.
• at alle elevar skal få tilbod om skulegudsteneste.
• ei styrka rådgjevingsteneste.
2.1 Vaksenopplæring
Næringslivet sitt behov for kompetanse gjer det naudsynt å oppgradere sin kunnskap for å imøtekome arbeidslivet sine krav.
Kristeleg Folkeparti går inn for
• at det blir innført ei ordning som gjer det mogeleg for elevar med fullført og bestått studiespesialiserande utdanning å få opplæring i eit yrkesfag innanfor ei total
tidsramme på 5 år.
• at det blir tilrettelagt vaksenopplæringstilbod for personar med særskilde behov, og at all opplæring må sjåast på i eit livsløpsperspektiv.
• at vaksne, som etter lova har rett til ein ny sjanse til vidaregåande opplæring, til ein kvar tid vert sikra tilbod om dette.
• å opprette fleire innføringsklassar i norsk språk, kultur og samfunnsliv.
• integrering av fleirkulturelle ved å skape møteplassar som ein del av vaksenopplæringa.
2.2 Friskulane
I samsvar med synet vårt på foreldreretten, åndsfridom og toleranseprinsippet går Kristeleg Folkeparti inn for å sikre friskulane ei fri og uavhengig stilling. I eit demokratisk samfunn må retten til å engasjere seg ut frå livssyn og overtyding haldast høgt i hevd. Også skular med alternativ pedagogikk må sikrast gode rammevilkår.
Kristeleg Folkeparti går inn for
• at friskulane blir sikra stabile rammevilkår.
• at folkehøgskulen vert synleggjort som eit verdifullt supplement til den vidaregåande opplæringa.
• at fylkeskommunen, i den grad ein går inn med hjelp og støtteordningar til friskular, sikrar rettferdig og balansert fordeling av goda.
2.3 Fagskulane
Fagskulane i fylket utgjer eit viktig tilbod for dei som ønskjer å spesialisere seg innanfor ulike fagområde. Spesielt dei maritime fagskuletilboda er viktige for å sikre verfts- og skipsfarts-næringa i heile fylket god spesialkompetanse.
Kristeleg Folkeparti går inn for
• å oppretthalde og vidareutvikle fagskulane i Ålesund og Kristiansund.
• å utvikle nye fagskuletilbod i nært samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
• å sikre statleg fullfinansiering av fagskulane.
2.4 Høgare utdanning
Profesjonsutdanning ved høgskulane og universiteta i fylket må sikrast, for å ta vare på behova innan næringsliv og offentlege tenestetilbod.
3. Kultur og folkehelse
Kulturlivet i Møre og Romsdal består av profesjonelle og frivillige aktørar. Profesjonelle kunstnarar er viktige bidragsytarar i det lokale og regionale kulturlivet, og betre tilrettelegging for desse er sentralt for vidare utvikling av kulturtilbodet og kreative næringar. Kulturtilbod og kulturverksemder bidreg til utvikling av attraktive lokalsamfunn for næringsutvikling og ein mangfaldig arbeidsmarknad, verdiskaping og busetting. I tillegg er kulturlivet svært viktig som arena for inkludering og meistring.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- å formidle kunstoppleving til barn og unge og stimulere til skapande aktivitet.
- å medverke til kulturkort for barn og ungdom.
- å arbeide for rusfrie arenaer, spesielt der barn og unge oppheld seg.
- å medverke til at helgefreden blir respektert.
- å støtte opp om organisasjonar som arbeider med førebyggjande helseteneste.
- å innføre ein kultur-app for Møre og Romsdal.
- at kultur- og operahuset i Kristiansund blir realisert som eit finansielt samarbeidsprosjekt mellom private og offentlege aktørar.
3.1 Friluftsliv og idrett
Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god fysisk og psykisk helse.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- å styrke skjergardstenesta.
- å vidareutvikle morotur.no og støtte «Stikk Ut».
- å bidra til å utvikle og løfte idretts-talent i fylket vårt.
3.2 Kulturvern
Kulturminne og kulturmiljø er viktig for å byggje identitet og skape attraktive lokalsamfunn.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- å digitalisere og legge til rette for kulturhistorisk arkiv. «Dig-it».
- å utarbeide beredskapsplan for kartlegging og sikring av arkeologiske funn i snøfonner ved klimaendringar.
- Styrke musea til å bli moderne samfunnsutviklarar.
3.3 Folkehelse
Møre og Romsdal KrF vil vidareføre samarbeid med helsestasjonstenesta og helse- og omsorgstenesta i kommunane. Dette inneberer mellom anna samarbeid med barnehagar, skular, asylmottak, institusjonar, barnevernstenesta, kommunal rusomsorg og folkehelsekoordinatorane i kommunane. KrF ønskjer å sikre ein desentralisert klinikkstruktur for tannhelse.
4. Samferdsel
Gode kommunikasjonar er viktige for busetting og næringsliv.
Kristeleg Folkeparti går inn for
- vidare satsing på gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar.
- 50/50 modellen når det gjeld vidareføring av andre gangvegar.
- å satse enda meir på kollektivtrafikk, både i byane og distrikta.
- å på sikt forbetre eksisterande ungdomskort, samt at «heim for ein 50 lapp» skal vidareførast.
- å satse vidare på elektriske ferjer, eller tilnærma 0-utsleppsferjer.
- satsing på hydrogendrift på Raumabana.
- å halde fast ved prioriteringane som fylkestinget tidlegare har vedteke. Når det gjeld store prosjekt står KrF fast på prioriteringa av Todalsfjord-kryssinga og Rovdefjordsambandet.
- bygging av Nerlandsøy-brua i Herøy i løpet av fylkestingsperioden.
- å rassikre dei mest utsette vegane i fylket.
- støtte til bygging av Stad skipstunnel.
5. Næring
Kristeleg Folkeparti går inn for
- meir gods frå bil – til sjø og bane.
- å støtte næringsklyngene i Møre og Romsdal.
- satsing på utvikling av gass som energikjelde på alle område der gass kan nyttast.
- meir gods frå bil til sjø – og vidareutvikling av eksporthamnene i fylke.
- satsing på forsking og utvikling.
- å arbeide for at Ålesund blir hovudkontor for Innovasjon Norge.
- å sikre rettigheitene til fiskarane gjennom Havressurslova, Deltakarlova og Fiskesalslagslova.
- vern av Møreblokkene og Lofoten/Vesterålen.
- sikre Redningsselskapet sin plass i beredskapen langs Norskekysten.
- lukka fiskeoppdrettsanlegg i fjordane våre, dette for å sikre villaksen sin eksistens.
- å arbeide aktivt for at oppdrettsnæringa klarer å løyse problema med lus, slik at næringa kan vekse vidare.
- å støtte unge gründarar og småindustri.
- støtte til landbaserte oppdrettsanlegg.
- å vere ein pådrivar for å gi landbruket gode rammevilkår.
- å støtte småindustrien i landbruket. Aktivt å støtte nyetableringar innan gardsturisme husflid etc.
- å legge til rette for at samdriftene får gode rammevilkår, dette for å rekruttere nye inn i landbruket.
- å redusere nedbygginga av matjorda til eit minimum.
- å vere pådrivar for å få bygge skogsvegar for å auke hogst av skog.
- at reiselivsnæringa som er i stor vekst skal få gode rammevilkår, men at reiseliv og natur/klima må gå hand i hand.
- å støtte samanslåing av reiselivsselskap i fylket.
- å arbeide for å etablere tilbod om landstraum til cruiseskip og transportskip som ligg til kai og legge til rette for infrastruktur til dette.